Bergsøy og Sykkylven i pulje 3
I den litt spesiellle pulje 3, vart det Bergsøy og Sykkylven som tok seg vidare. Sykkylven imponerte mest og vann innbyrdes oppgjer seint laurdag med 8-2. Sjå bilete under.
Hødd og Valder i gruppe B
Hødd og Valder står begge med ni poeng etter tre kampar og er i semifinalen. Klokka 15.06 møtest dei for å avgjere gruppesigeren. Sjå bilete frå Hødd sin siger over Bergsøy under.
Storsiger til VanKam
VanKam opna turneringa med 10-0 over Åheim 2. Sjå bilete frå kampen under. VanKam spelte seinare uavgjort mot Stranda og vann 3-1 over Valder. Dei er dermed vidare til mellomspelet i lag med Valder.
Aafk og Brattvåg gjorde opp i pulje 1
Dei to gruppefavorittane Aafk og Brattvåg vann begge sine to første kampar og gjekk vidare. Men i det innbbyrdes oppgjeret vart det overkøyrsle. Etter at Brattvåg tok leiinga 1 - 0, tok Aafk heilt over og vann 9-2. Bilete frå kampen ligg under.
Hødd og Herd i pulje 2
Hødd og Herd vann sine to kampar og spelte uavgjort innbyrdes. Under ser du bilete frå den kampen, som enda 2-2.
Volda og Skodje vidare
Etter 2-0 mot Sykkylven er Volda vidare i pulje 4. I eit jamspelt og dramatisk oppgjer vann Skodje 3-2 mot Åheim og tok den andre plassen. Begge Åheim-laga er dermed ute. Under kan du sjå bilete frå Volda - Skodje og Åheim - Skodje.
VanKam berga Aafk?
Med tap frå første kamp mot Sykkylven og uavgjort mot Herd, låg Aafk an til å ikkje nå semifinalane. Ein overraskande 4-0 siger for VanKam mot Herd, gjorde at det heile snudde seg. No vert det stor spenning framfor dei siste kamapane. Sjå bilete frå Herd - Aafk under.
VanKam til semifinale og nesten finale
VanKam kom sterkt tilbake og gjekk til semifinale frå gruppe A i lag med Aafk etter først å ha slått Sykkylven og deretter sterk siger over Herd. I semifinalen mot Hødd leia VanKam 2-1 til det stod att 36 sekund. Då utlikna Hødd og scora seinare først i ekstraomgang slik at det vert dei som møter Aafk i finalen.
VI GRATULERER HØDD IL SOM KRETSMEISTRAR G 16 !
Hødd var klart best i finalen i Rica Parkett Cup for G 16 og slo Aafk 5-0. Størst problem på veg mot gullet hadde dei med overraskingslaget VanKam i semifinalen. Sjå bilete under frå finale og premieutdeling. Klikk på biletet for lysbildevising.
Rica Parkett Cup (Innendørs-KM) for gutter 16 på Åheim 27.-28. November
Andre dag av Rica Parkett Cup (Innendørs-KM) for Gutter 16 er godt i gang. I dag er det mellomspel og finalar. 11.48 kjem første oppgjer med lokale aktørar. Då skal VanKam prøve seg mot Volda. Nedanfor og i høgre marg finn du resultat frå kampane, tabellar og oversikt over toppscorarlista. Du kan og bli med oss på Facebook, men det beste er sjølvsagt å ta turen til Olivinhallen.