Futsal-KM G13 - 2012

VanKam vann B-sluttspelet
Denne helga vert KM for G 13 avvikla i Olivinhallen. Laurdag vann VanKam B-sluttspelet etter godt spel. I semifinalen vart det 5-1 over Emblem. Så vann dei finalen med 3-2 over Bergsøy. Per-Jonas Moen stod for fem av dei åtte måla i desse to kampane. Resultat ligg under linken cupassist på KM 13 over.

KM - nokre bilde frå kampar laurdag

Bergsøy1 - Ørsta

Norborg - Ørsta

Ravn - Volda

Norborg - Bergsøy1

Bergsøy2 - Ravn
Langevåg - Volda

KM - ein del bilde søndag
Blindheim2 - Åheim 99

Langevåg til topps

Langevåg tok til slutt tittelen i futsal KM G 13 etter ei jamspelt og tett finale, der dei i speleforlenging med sudden death vann 2-1 over Hareid. Kanskje enno meir fartsfylt, velspelt og dramatisk var bronsefinalen mellom Herd og Blindheim. Denne kampen gjekk også til speleforlenging med sudden death etter 2-2. Der fekk Blindheim frispark som dei sette i mål og var i full gang med jubel for det som dei trudde var sigersmålet, men skotet vart annulert for å ha vore sett direkte i mål på indirekte frispark. I feiringstumultane kunne Herd kvittert med lettkjøpt scoring, men sette ballen over mål. Etter 30 minutt spel måtte eit svært skuffa Herd difor konstatere bronse til Blindheim på fleire cornerar. Fullstendige resultat på cupassist under fana KM G 13.