Måløypilk til Liv

IMG_0542.JPG

På Måløyløpet andre pinsedag vart det ny klassesiger til Liv Berge. No vann ho rett nok den etter seiande populære Måløypilken på loddtrekning av gåvepremiar og vi trur heller ikkje den er så eigna til å fiske røykjalaks, som ho held i andre handa. Den fekk ho for klassesiger og nytt godt løp, to dagar etter Blåfelden.

resultat_fr__m_l_yl_pet_6_km.doc

Anders og Liv vann i Blåfelden Rett Opp

MOT MÅL: Anders nærmar seg målstrek i skodda.

MOT MÅL: Anders nærmar seg målstrek i skodda.

Det vart klassesiger både til Liv Berge og Anders Bakkebø i Blåfelden Rett Opp i Syvde laurdag. Andre åheimarar og tidlegare åheimarar klarte også gode tider.
På grunn av skodda var målgang flytta til høgda nord for Svartetua. Løpet vart difor om lag ein kilometer kortare enn i fjor, utan at det gjorde stort for mjølkesyra.

resultatliste_bl_felden_rett_opp.doc