Liv - for femtande gong.

Gratulasjonar til Liv, idrettsmerket neste.

Gratulasjonar til Liv, idrettsmerket neste.

Ettter Nordstrandsløpet på Vereide laurdag 23. september var det klart at Liv Berge hadde teke sin femtande sammenlagtseier på rad i Nordfjordkarusellen. Vi gratulerer!

Etter at ho i fjor klarte å springe ned tida si frå året før, vart det litt opp tidsmessig, og ho brukte i år 31.28 minutt på dei rundt 6,5 kilometrane. Men det var tett føre nummer to og tre i klassa 19-22 år og prøv den som vil. Vi er storleg imponerte over "jenta" som held koken år etter år og nesten blir betre og betre tidsmessig i forhold til alder. I år vann ho altså sammenlagt i klasse 55-59 år, og det var den femtande seieren på rad samanlagt i Nordfjordkarusellen. Det er berre imponerande, synest vi. Kanskje ikkje aller mest løpsmessig, men at ho finn motivasjon til å drive mest åleine år etter år og kunne halde seg på eit så godt nivå utan særleg miljø å støtte seg på. Vi håpar ho finn motivasjon til både femten nye og meir til. 

Overskrift

Dette er en tekstboks, den lar deg skrive tekst, legge inn bilder og masse annet, rett inn i siden din! Gå inn på "Avansert" redigering for full verktøy-linje og kontroll eller rediger teksten rett fra siden her.

Merke til Berget & Berget i Birken.

Idar klarte merket.

Idar klarte merket.

Det vart merke både til Idar og Ole Berget under Birkebeinarløpet 16. september.

Idar sprang inn til tida 1.56,22 og hadde ein margin på tre minutt til merket i klasse 55-59 år, medan Ole fekk tida 1.42,12 og var nesten ti minutt før merkekravet i klassa under. Av andre kjende namn, sprang Inge Visnes frå Almenning på 1.38,42 i klasse 30-34 år og var fire minutt føre kravet. Gamle kjenningar frå Ørsta som Arild Bjørdal (45-49 år) og Jarle Sandbakk (50-54 år), brukte i år 1.30,25 og 1.40,41.

God oppfølgjing andre dag i Trondheim.

Fin fjerdeplass til Ole Jonny i dag.

Fin fjerdeplass til Ole Jonny i dag.

(10.09) Det vart ei god oppfølgjing av Ole Jonny og Erlend på andre dag av NCC-leikane, med fjerde plass til Ole Jonny i tresteg som beste plassering.

Ole Jonny som har slite med forkjøling og ikkje prestert opp i mot sitt beste denne helga, fekk likevel resultatet 9,45 i lengde som ga ein fjerde plass i 13-årsklassa. I tillegg tok han seg til B-finale på 60 meter som han vann med tida 8,81 og vart dermed nummer ni i øvinga. I A-finalen vart det ny tredjeplass til Sigurd Eikrem frå Syvde med tida 8,45. Sigurd vann også slegge for trettenåringar med 25,31 meter som resultat.

Erlend klarte i dag 33.15 meter i spyd som ga ein sjetteplass i 14-årsklassa. Her var det berre litt over tre meter opp til medaljeplass, så med absolutt fullklaff hadde sjansen vore der. Erlend vart også nummer åtte i tresteg med 9,93 meter som lengstehopp. Litt ergerleg for Møre og Romsdal å vere berre ni poeng bak Nord-Trøndelag i kretskampen. Sør-trøndelag på førsteplass var det ingen ting å gjere med, men våre deltakarar gjorde dermed sitt for å skaffe nok poeng til ein tredjeplass i kretskampen bak dei to trønderfylka.

Fullstendige resultat finn du på:
http://www.andro.no/webreg/2006/ncc/doc/trondheim/resultater/

Fin første dag i Trondheim.

Femteplass til Erlend i kule.

Femteplass til Erlend i kule.

(09.09) Det vart ein fin første dag for Åheim sine to representantar under kretskampen i Trondheim, med femte plass til Erlend i kule som beste resultat.

Erlend fekk denne gongen 10,01 som var 22 centimeter bak fjerdeplassen. Den hadde han altså klart fint om han hadde nærma seg resultatet frå forrige helg, med 10,75 i Ørsta, men truleg vart det litt lite vafler på tordagskvelden då to utanforståande luta seg inn i 4H-bevertninga. Erlend fekk elles ein 17. plass i lengde med 4,59.

For Ole Jonny gjekk det også best i kule i dag, med 9,32 meter og 7. plass som resultat. Her tok Syvde sitt stjerneskudd, Sigurd Eikrem, bronse med 10,56 som beste støt. Sigurd klarte også ein fjerdeplass på 200 meter, medan Ole Jonny tok ein 12. plass i lengde med 4,33 meter som lengstehopp. Hadde han nærma seg 4,70 som han hadde på Byrkjelo, kunne det vorte ein 6. plass, men alt i alt må vi vere fornøgde med det våre to har klart i dag, ferske i faget som dei er.

Nedtur for Kjetil i UM.

Det vart skuffande resultat for Kjetil i UM på Byrkjelo. På 100 meter vart tida 12,14 som ga 12. plass. På 200 meter vart det 25,03 og same plassering.

Det er slett ikkje verst å kunne vere med og konkurrere mellom dei 10-12 beste i landet, men ut frå det som hende i UM i fjor og resultata tidlegare i år var dette skuffande, ikkje minst for Kjetil sjølv. Likevel er det tydeleg at han har farta inne, men treninga har nok vorte for dårleg når det gjeld å halde speeden heile vegen, og samtidig har nok litt vekst gjort han tyngre i kroppen, noko som må kompenserast med meir trening og musklar. Så no gjeld det at Kjetil tar utfordringa og satsar seriøst i lag med miljøet han har kontakt med i Ålesund. Då vil vi nok etter kvart sjå tider godt ned på 11-talet til neste år.


Kjetil tok sølv i KM.

(12.08) Det vart andreplass og sølv på 100 meter til Kjetil Westerås under KM på Aksla i dag. Tida vart denne gongen 11,93.


Andre- og tolvteplass i NM motbakkeløp.

Det vart andreplass til Gunnar Borg i klasse 65-69 år og tolvteplass til Anders Bakkebø i klasse 40 -44 år under NM i motbakkeløp i Ørsta 5. august. Vi ser elles fine løp av Geir Nordal, Syvde og Jan Erik Sørhaug og Stig Rune Maurstad frå Bryggja. Alle resultata finn du på:

http://www.saudehornet.no/files/presse06/Res-Saudehornet%202006.pdf

Fjelløpssesongen i gang.

Så fint var det i fjor. Utsikt på veg ned att frå ca midtvegs og ned att mot Grotlesanden.

Så fint var det i fjor. Utsikt på veg ned att frå ca midtvegs og ned att mot Grotlesanden.

Fjelløpa har vorte populære, og helga 8 - 9. juli starta sesongen opp for alvor.

I nabofylket i sør hadde ein til og med klart å leggje to slike løp til same dag, med både Storehesten opp i Naustdal og Vetenløpet i Bremanger laurdag 8. juli. Ein flott kontingent frå vårt distrikt hadde teke turen til vakre Bremanger, men i år var ein ikkje heldig med forholda. Det regna og var surt, og mot toppen var det slik at det var godt at avstanden mellom stikkene ikkje var større enn den var skulle ein finne fram.

I konkurranseklassa finn vi to deltakarar frå Åheim. I kvinner 50-59 år var Liv Berge med tida 49,20 i år tre sekund raskare enn i fjor og godt nøgd med det. Gunnar Borg plagdest litt med ryggen og var ikkje heilt fornøgd med tida 54,33 som ga 7. plass i klasse 60-69 år. Likevel ei fin tid som mange skulle fått brynt seg på. Vi ser også at Jostein Visnes frå Almenning sprang eit minutt raskare enn i fjor og fekk tida 44,32. Merete Helgheim frå Måløy, som også var med i 1.mailøpet, vann dameklassa totalt med flotte 35,18, og vi ser at Jan Erik Sørhaug frå Bryggja er attende i form og brukte 35,08 i klasse 23-29 år.

I mosjonsklassa utan tidtaking er det ikkje lagt ut lister enno, men vi veit at Idar Berget tok turen til topps samman med blant andre Hanne Linn Berge, Kirsten og Tormod Hvattum, Svein Bøstrand, Marit Margrete Berget, Svein Thue og Åshild D. Thue.

God innsats på Byrkjelo.

god_innsats_p__byrkjelo.jpg

Under sparebankleikane i friidrett på Byrkjelo 1-2. juli var det i år med fire utøvarar frå Åheim.

Dei leverte fin innsats med fleire peronlege rekordar, og utanom Kjetil som vann 100 meter, ser vi særleg at stemnedebutant Ole-Jonny Westerås gjer det godt i eit stemne der 13- og 14- åreklassa var av høg kvalitet sidan det var innlagt ein interkretskamp mellom Sogn og Fjordane og Hordaland i dei klassene.

Resultat:

Gutar 13 år, kule 3 kg:
3. Ole Jonny Westerås , Åheim IL 10,44

Gutar 13 år, lengde:
4. Ole Jonny Westerås , Åheim IL 4,65

Gutar 13 år, 800 m:
4. Ole Jonny Westerås , Åheim IL 2.30,89

Gutar 14 år, lengde:
8. Erlend Løvold, Åheim IL 4,60
9. Ole Kristian Berge, Åheim IL 3,05

Gutar 14 år, spyd 600 g:
5. Erlend Løvold, Åheim IL 31,68
7. Ole Kristian Berge, Åheim IL 21,66

Gutar 14 år, kule 4 kg:
6. Erlend Løvold, Åheim IL 9,42
7. Ole Kristian berge, Åheim IL 7,61

Gutar 16 år, 100 meter:
1. Kjetil Westerås, Åheim IL 11,94

Ikkje fullklaff for Kjetil på Lillehammer.

(25.06)Det var fin innsats, men ikkje heilt dei resultata ein kunne håpe på for Kjetil Westerås under G-sportleikane på Lillehammer.

På 200 meter fredag vart det 24,33 som er tre hundredel bak persen frå sist helg, noko som ga ein flott fjerdeplass. På 100 meter i dag vart det eit dårleg forsøksløp der han så vidt kom til finale med tida 12,15. Kanskje var det bowlingkonkurransen frå dagen før som sat i ? Betre gjekk det i A-finalen der han tok ein sjuande plass med 11,85. Etter 11,88 med litt motvind på Straumsnes forrige helg, var det likevel lov å forvente ein tidel betre i medvind +1,7 no. Det ville også gitt ein femteplass i staden for ein sjuandeplass i feltet for Kjetil. Uansett er det glimrande at vi har ein sprintar som er med å hevdar seg blant dei beste i landet, og det vert spennande å sjå alt neste helg på Byrkjelo om ikkje bestetida vert flytta på, men dei som har drive litt med slikt, veit at framgang ofte kjem litt rykkvis og i etapper.

Resultat:

G-16 100 m, A Finale Vind: +1.7
Plass: Navn: Klubb: Resultat:
1 Henning Brenna Brandbu IF 11,06
2 Adam Jacobsen BUL, IL i 11,22
3 Lars T. Framtzen Mogutten Friidrett, IL 11,41
4 Vegard Jenset Øien Eide IL 11,54
5 Joakim Dang Hovding Friidrett, T&IL 11,81
6 Michael Handeland Tyrving IL 11,84
7 Kjetil Andre Westerås Åheim IL 11,85
8 Ørjan Engen Grimstad Hareid IL 11,96


G-16 200 m
Plasseringtotal
Plass Navn: Klubb: Resultat
1 Henning Brenna Brandbu IF 22,60
2 Adam Jacobsen BUL, IL i 22,73
3 Vegard Jenset Øien Eide IL 23,47
4 Magnus Settemsli Mogstad Snøgg Friidrett 24,33
4 Kjetil Andre Westerås Åheim IL 24,33
6 Simen Berg Saksvik Ranheim IL 24,46
7 Jonas Aasen Tønsberg FIK 24,55
8 Philip Østli Sørum IL Friidrett 24,62
9 Michael Handeland Tyrving IL 24,63
10 Joakim Dang Hovding Friidrett, T&IL 24,67
11 Kim Andre Jenssen Sørfjell, IL 24,74
12 Martin Nilsen Innstrandens IL 24,77
13 Vegard Haugstvedt Bergens Turn og Friidrett 25,05
14 Jonas Myren Mo Orion, FIK 25,07
16 Torbjørn Lysne Hovding Friidrett, T&IL 25,08
17 Anders Augestad Larsen Urædd Friidrett 25,10
18 Vegar Kvaavik Bjarg IL 25,14
19 Marius Angell Søvik Bjarg IL 25,44
20 Eirik Korneliussen Strømmen IF 25,53
21 Sondre Skarsten Viking, TIF 25,93
22 Kai Are Kristiansen Ørsta IL Friidrett 26,10
23 Magnus Johannesson Mobeck Ranheim IL 26,30
24 Sindre Møgster Bråter Bergens Turn og Friidrett 26,36
25 Alexander Herland Norna-Salhus IL 26,44
26 Atle Skogen Egersunds IK 27,32
27 Rudi Kristiansen Horten Friidrettsklubb 27,34
28 Snorre Gjerde Viking, TIF 27,58

Ikkje fullklaff for Kjetil på Lillehammer.

(25.06)Det var fin innsats, men ikkje heilt dei resultata ein kunne håpe på for Kjetil Westerås under G-sportleikane på Lillehammer.

På 200 meter fredag vart det 24,33 som er tre hundredel bak persen frå sist helg, noko som ga ein flott fjerdeplass. På 100 meter i dag vart det eit dårleg forsøksløp der han så vidt kom til finale med tida 12,15. Kanskje var det bowlingkonkurransen frå dagen før som sat i ? Betre gjekk det i A-finalen der han tok ein sjuande plass med 11,85. Etter 11,88 med litt motvind på Straumsnes forrige helg, var det likevel lov å forvente ein tidel betre i medvind +1,7 no. Det ville også gitt ein femteplass i staden for ein sjuandeplass i feltet for Kjetil. Uansett er det glimrande at vi har ein sprintar som er med å hevdar seg blant dei beste i landet, og det vert spennande å sjå alt neste helg på Byrkjelo om ikkje bestetida vert flytta på, men dei som har drive litt med slikt, veit at framgang ofte kjem litt rykkvis og i etapper.

Resultat:

G-16 100 m, A Finale Vind: +1.7
Plass: Navn: Klubb: Resultat:
1 Henning Brenna Brandbu IF 11,06
2 Adam Jacobsen BUL, IL i 11,22
3 Lars T. Framtzen Mogutten Friidrett, IL 11,41
4 Vegard Jenset Øien Eide IL 11,54
5 Joakim Dang Hovding Friidrett, T&IL 11,81
6 Michael Handeland Tyrving IL 11,84
7 Kjetil Andre Westerås Åheim IL 11,85
8 Ørjan Engen Grimstad Hareid IL 11,96


G-16 200 m
Plasseringtotal
Plass Navn: Klubb: Resultat
1 Henning Brenna Brandbu IF 22,60
2 Adam Jacobsen BUL, IL i 22,73
3 Vegard Jenset Øien Eide IL 23,47
4 Magnus Settemsli Mogstad Snøgg Friidrett 24,33
4 Kjetil Andre Westerås Åheim IL 24,33
6 Simen Berg Saksvik Ranheim IL 24,46
7 Jonas Aasen Tønsberg FIK 24,55
8 Philip Østli Sørum IL Friidrett 24,62
9 Michael Handeland Tyrving IL 24,63
10 Joakim Dang Hovding Friidrett, T&IL 24,67
11 Kim Andre Jenssen Sørfjell, IL 24,74
12 Martin Nilsen Innstrandens IL 24,77
13 Vegard Haugstvedt Bergens Turn og Friidrett 25,05
14 Jonas Myren Mo Orion, FIK 25,07
16 Torbjørn Lysne Hovding Friidrett, T&IL 25,08
17 Anders Augestad Larsen Urædd Friidrett 25,10
18 Vegar Kvaavik Bjarg IL 25,14
19 Marius Angell Søvik Bjarg IL 25,44
20 Eirik Korneliussen Strømmen IF 25,53
21 Sondre Skarsten Viking, TIF 25,93
22 Kai Are Kristiansen Ørsta IL Friidrett 26,10
23 Magnus Johannesson Mobeck Ranheim IL 26,30
24 Sindre Møgster Bråter Bergens Turn og Friidrett 26,36
25 Alexander Herland Norna-Salhus IL 26,44
26 Atle Skogen Egersunds IK 27,32
27 Rudi Kristiansen Horten Friidrettsklubb 27,34
28 Snorre Gjerde Viking, TIF 27,58

Det nærmar seg også på 100 meter.

Kjetil er framgang.

Kjetil er framgang.


Under andre dag av kretscupen sto 100 meter på programmet for Kjetil, og her vart resultatet 11,88 som er sju hundredel bak persen.

Motvinden i heatet var 0,18. Med litt medvind hadde det vorte ny bestetid, så Kjetil er tydelegvis i rute framfor Lillehammer neste helg. Det var også eit forholdsvis betre resultat enn på 200 meter der han var eit stykke bak konkurrentane. Sjølv om vinden varierte, vart det no tredje beste tid i dei innleiande heata og femteplass i A-finalen med tida 11,96. Her var motvinden 0,38, og Kjetil var berre seks hundredelar frå tredjeplassen. Den vart teken av jamgamle vegard Jenset Øien som Kjetil har konkurrert mykje mot og som var fire - fem tidelar betre på 200 meter dagen føre.

Kjetil persa på 200 meter.

(17.06) Det vart ny flott pers på 200 meter for Kjetil i kretscupen på Straumsnes i dag. I dei innleiande heata fekk han tida 24,30 som er 32 hundredel betre enn bestetida frå i fjor. Dette var to hundredelar bak plass i A-finale, men til gjengjeld vann han B-finalen. Her var tida så sterk som 24,14, men vinden var dessverre over det tilletne. Uansett eit "fall framåt" for 16-åringen.

Heitt på Førdeleikane.

Fin innsats av Runar i Førde.

Fin innsats av Runar i Førde.

Gradestokken kraup opp under 3o grader under Førdeleikane 11. juni, men det vart likevel levert mykje fin friidrett.

Dei fem frå Åheim som deltok, takla varmen som best dei kunne og leverte gode prestasjonar.

Mest fornøgd var Runar Skorge Stranden som persa både på 60 meter, i lengde og i kast med liten ball. Særleg lengderesultatet med 3,79 meter var han godt fornøgd med. Det er også eit sterkt resultat av ein tiåring og ga førsteplass i øvinga. Med litt meir trening og gode forhold er kanskje fire meter innan rekkevidde i løpet av sesongen.

Kai-Robin Hellebust (16) viste seg igjen som svært allsidig, med førsteplass i diskos og andreplass på 200 meter, i spyd og tresteg. I hovudøvinga spyd vart det denne gongen 41,50 meter med 700 gram spyd. Det er 1,43 meter lenger enn beste resultat med den spydtypen i fjor, og med meir kast i kroppen framover burde det vere rom for ein del forbetring.

Det same gjeld for Kjetil Westerås som tok førsteplassen på 200 meter med tida 24,96 sekund. Meir jamn trening og ein del konkurransar framover vil nok heve resultata slik at han kan pynte på bestetidene sine, som på 200 meter er tre tidel betre enn det han klarte i helga.

Dei to fjortenåringane Erlend Løvold og Ole-Kristian Berge deltok i lengde, på 60 meter og i spydkast. Erlend var godt nøgd med ”pers” både i spyd med resultatet 32,35 meter og i lengde med 4,42 meter som resultat. Ole-Kristian er ganske fersk i faget, men fekk 18,84 meter i sitt einaste gyldige spydkast, noko som viser at han kan nå fine lengder når han får trent litt meir og innarbeidd betre teknikk.

Resultatliste Førdeleikane 2006

Gutar 10 år, 60 meter:
1. Sondre Sandvoll Førde IL – Friidrett 9,76
2. Erling Myklebust Vikane IL 9,81
3. Runar Skorge Stranden Åheim IL 9,86
4. Håvard Os Førde IL - Friidrett 10,00
5. Arild Øygard Jølster IL 10,11
6. Sander Eikevik Dyrstad Svint IL 10,18
7. Oskar Raftevold Vikane IL 10,28
8. Håvard Kjønås Førde IL - Friidrett 10,35
9. Erlend Moen Taule Førde IL - Friidrett 10,37
10. Thomas Gram Førde IL - Friidrett 10,51
11. Agon Qitaku Vikane IL 10,66
12. Gaute Dvergsdal Førde IL - Friidrett10,84
13. Espen Kolstad Førde IL - Friidrett 10,88
14. Erlend Ulvestad IL Brodd 11,06

Gutar 10 Liten ball 80 gram:
1. Oskar Raftevold Vikane IL 37,00
2. Erlend Ulvestad IL Brodd 36,00
3. Sander Eikevik Dyrstad Svint IL 34,10
4. Erlend Moen Taule Førde IL - Friidrett 32,60
5. Erling Myklebust Vikane IL 31,01
6. Runar Skorge Stranden Åheim IL 30,63
7. Espen Kolstad Førde IL - Friidrett 28,14
8. Sondre Sandvoll Førde IL - Friidrett 27,61
9. Arild Øygard Jølster IL 27,31
10. Håvard Os Førde IL - Friidrett 26,52
11. Håvard Kjønås Førde IL - Friidrett 26,45
12. Agon Qitaku Vikane IL 24,46
13. Kristian Bremnes Svelgen T&IF 23,64
14. Gaute Dvergsdal Førde IL - Friidrett 23,55
15. Thomas Gram Førde IL - Friidrett 16,93

Gutar 10 Lengde:
1.Runar Skorge Stranden Åheim IL 3,79
2.Erling Myklebust Vikane IL 3,72
3.Oskar Raftevold Vikane IL 3,71
4.Arild Øygard Jølster IL 3,55
5.Håvard Os Førde IL - Friidrett 3,49
6.Erlend Moen Taule Førde IL - Friidrett 3,45
7.Sander Eikevik Dyrstad Svint IL 3,38
8.Gaute Dvergsdal Førde IL - Friidrett 3,32
9.Erlend Ulvestad IL Brodd 3,19
10.Agon Qitaku Vikane IL 3,11
11.Sondre Sandvoll Førde IL - Friidrett 3,09
12.Espen Kolstad Førde IL - Friidrett 2,93
13.Thomas Gram Førde IL - Friidrett 2,92
14.Håvard Kjønås Førde IL - Friidrett 2,70

Gutar 14, 60 meter:
1 Geir Loneland Svint IL 7,93
2 Sondre Haugsbø Herstad Tambarskjelvar,IL 8,16
3 Eivind Øygard Jølster IL 8,24
4 Jostein Fossøy Førde IL – Friidrett 8,27
5 Vegard Dyrstad Svint IL 8,44
6 Knut Olav Øygard Jølster IL 8,67
7 Erlend Løvold Åheim IL 8,72
8 Jakob Hjelmeset Fjellhug/Vereide IL 9,12
9 Ole Kristian Berge Åheim IL 10,09

Gutar 14 Lengde:
1 Sondre Haugsbø Herstad Tambarskjelvar,IL 4,96
2 Jostein Fossøy Førde IL - Friidrett 4,96
3 Erlend Løvold Åheim IL 4,42
4 Ole Kristian Berge Åheim IL 2,90

Gutar 14 Spyd 600 gram:
1. Ole-Jacob Lid Eikefjord IL 33,07
2. Erlend Løvold Åheim IL 32,35
3. Jakob Hjelmeset Fjellhug/Vereide IL 27,79
4. Ole Kristian Berge Åheim IL 18,84

Gutar 16 Diskos 1,5 kg:
1 Kai-Robin Hellebust Åheim IL 32,76
2 Lasse Hjelle Oppstryn IL 29,06

Gutar 16 år, 200 meter:
1. Kjetil Westerås Åheim IL 24,95
2. Kai-Robin Hellebust Åheim IL 25,96
3. Joakim Rakneberg Dale IL 26,41
4. Lasse Hjelle Oppstryn IL 27,75

Gutar 16 Spyd 700 gram:
1. Michael Robert Florø T&IF 42,28
2. Kai-Robin Hellebust Åheim IL 41,50
3. Lasse Hjelle Oppstryn IL 36,96
4. Joakim Rakneberg Dale IL 30,76

Gutar 16 Tresteg:
1. Jørgen Bjørkedal Svelgen T&IF 11,42
2. Kai-Robin Hellebust Åheim IL 10,74
3. Lasse Hjelle Oppstryn IL 10,14

Sterkt løp av Christian i Markane.

sterkt_l_p_av_christian.jpg

Sterk innsats av Christian i Markane.
Christian Thue viste seg på nytt som eit godt løpstalent under postvegløpet i Markane.

13-åringen fekk denne gongen tida 26.51 som er vel eit minutt betre enn i fjor. Det ga andreplass i klasse 13-15 år. Vinnar her var to år eldre Håvard Myklebust frå Sunnylven, som stiller for Hovdebygda IL, der han er med i eit aktivt skimiljø. Han brukte tida 25.50 minutt. Totalt vart Christian nummer elleve av dei 27 løparane som var med. Vinnar av løpet vart som vanleg Helge Hafsås frå Olden med tida 21.55. Ole Magne Kvalsvik sleit seg også rundt på maratonstøle bein og var med 32.22 snart fem minutt bak tida frå i fjor.

Christian var også heldig og vart uttrekt som vinnar av gåvepremie, som var middagsbuffet for to på Alexandra hotell. Så no vart det sagt han måtte invitere med kjæresten, og då var det mange og velje mellom meinte Christian. Men det spørst no om det ikkje vert mor som får glede av det, likevel.

Christian med full kontroll på Hauane.

Christian i 1. mailøpet 2005. (Foto: JST)

Christian i 1. mailøpet 2005. (Foto: JST)

Christian Thue hadde full kontroll i sitt felt i det årlege terrengløpet på Hauane onsdag 26. april. I løypa på 900 meter tok han ganske tidleg teten og auka etter kvart. I bakken halvvegs kunne han roe litt ned, for så å ha meir krefter inn mot mål, fortel 13-åringen frå Thue. Til slutt vart avstanden i mål 16 sekund til andremann, Stian Remme frå Stårheim.

I geriatrisk vert det desseverre berre meir og meir geriatrisk, og Ole Magne brukte i år 9,33 minutt i løypa på 2 kilometer og heldt seg så vidt føre ungjentene frå Haugen. I hans alder får han trøyste seg med at det i alle fall er betre enn å springe etter ungjenter.

j/g -95/ -94 650m
plassering namn lag tid
1 Siri N. Leivdal (-95) Haugen IL 3.51
1 Vebjørn N. Haugland(-95) Haugen IL 2.47
2 Vegard Øyen(-95) Eid IL 2.49
3 Ruben Kullsveen (-96) Eid IL 2.59
4 Lasse Englund Espe (-96) Eid IL 3.02
5 Arne Johan Hafsås (-95) Stårheim IL 3.48

J/g -93 900m
plassering namn lag tid
1 Linda B. Bakke Haugen IL 6. 28
1 Christian Thue Åheim IL 4.52
2 Stian Remme Stårheim IL 5.08
3 Tore Haraldsen Haugen IL 5.12
4 Fredrik Fjelldal Eid IL 5.18
5 Kennet Remme Haugen IL 6.09

G -92 2000m
plassering namn lag tid
1 Sondre Kullsveen Eid IL 7.41

J -91 2000m
plassering namn lag tid
1 Linn Kathrin Bakke Haugen IL 9.35
2 Marianne B. Bakke Haugen IL 10.08

G -88 2000m
plassering namn lag tid
1 Jonny Hauge Fj. Vereide 7.38
MV 45- 50 2000m
plassering namn lag tid
1 Audar Kullsveen Eid IL 8.59
2 Hans Aksel Fjelldal Eid IL 9.01
3 Ole Magne Kvalsvik Åheim IL 9.33

Strynehalleikar og Bamseleikar med gode resultat.

Mykje kraft og musklar hos denne gjengen.

Mykje kraft og musklar hos denne gjengen.

I helga 18. og 19 mars var det aktivt på friidrettsfronten innandørs. 

På Bamseleikane på Hamar vart det femteplass i finalen på 60 meter for Kjetil. Tida 7,63 var to hundredelar bak bestetida frå UM i Drammen for ein månad sidan. På 200 meter søndag gjekk det litt tyngre. Både er det uvant særleg å springe svingar på bane innandørs, og litt sykje har også begrensa treninga siste månaden. Slik sett er niandeplass og tida 25,49 eit greitt resultat.

På Strynehalleikane laurdag stilte det ti utøvarar. For Per-Arne, Andreas, Dan-Robert og Ole-Kristian var dette første stemnet dei var på. Litt spente var dei på førehand, men markerte seg godt.

Dei beste resultata sto Kai-Robin, Torgeir og Runar for. Kai sitt resultat i kule ville gitt sjetteplass i UM for ein månad sidan og Torgeir sitt høgderesultat ville også nått bra opp i mange stemne. For Runar sin del var kanskje lengderesultatet det beste, sjølv om alle resultata hans ville plassert han høgt i klassa over. Også May-Britt kunne fått eit sterkare resultat på 40 meter om ho ikkje hadde stått att i starten.

RESULTATLISTE
40 METER
G10
Erling Tenden Myklebust VIKANE IL 6 , 8
Runar Skorge Stranden ÅHEIM IL 7 , 0
Agon Qitaku VIKANE IL 7 , 1
Oskar Raftevold VIKANE IL 7 , 1
Anders Egset OLDEN IL 7 , 2
Kim Johansen SVELGEN T&IF 7 , 2
Marius Rygg HYEN IL 7 , 3
Are Tenden OLDEN IL 7 , 6
Jonas Eide (97) OLDEN IL 7 , 7
Rasmus Skarstein (97) OLDEN IL 7 , 7
Andreas Løken (97) OLDEN IL 7 , 9
Lars Marius Kveen Gjertsen (97) OLDEN IL 7 , 9
G11
Asgeir Flåten OLDEN IL 7 , 0
Lars Erik Mork OPPSTRYN IL 7 , 1
Eirik Ask SVELGEN T&IF 7 , 2
Andreas Osnes Kriken ÅHEIM IL 7 , 2
Jakob Kvamme OLDEN IL 7 , 5
Per Arne Ekremsæter ÅHEIM IL 7 , 5
Erik Sunde OLDEN IL 7 , 5
Kristian L. Gjerde OLDEN IL 7 , 8
G13
1 Anders Muri OLDEN IL 5 , 9
2 Pål Valberg SVELGEN T&IF 6 , 1
3 Ole Myklebust OLDEN IL 6 , 2
4 Sondre Guddal Muri OLDEN IL 6 , 7
5 Christian Thue ÅHEIM IL 6 , 8
6 Jonas Kvamme OLDEN IL 7 , 1
6 Harald Andre L. Galtung OLDEN IL 7 , 1
8 Thomas Leirgulen LEIRGULEN IL 7 , 4
9 Espen Skår OPPSTRYN IL 7 , 9
G14
1 Erlend Løvold ÅHEIM IL 6 , 3
2 Dan Robert Warberg ÅHEIM IL 6 , 4
3 Ole Kristian Berge ÅHEIM IL 7 , 1
G15
1 Øyvind Leirgulen LEIRGULEN IL 5 , 8
G16
1 Kai Robin Hellebust ÅHEIM IL 5 , 7
2 Lasse Hjelle OPPSTRYN IL 6 , 1
J15
1 Isabell Sunde Hoel BREIMSBYGDA IL 6 , 4
2 May Britt Thue ÅHEIM IL 6 , 6
HØGDE M/TILLØP
G10
Oskar Raftevold VIKANE IL 1 , 15
Runar Skorge Stranden ÅHEIM IL 1 , 05
Erling Tenden Myklebust VIKANE IL 1 , 05
Kim Johansen SVELGEN T&IF 1 , 00
Anders Egset OLDEN IL 0 , 90
Are Tenden OLDEN IL 0 , 85
Andreas Løken (97) OLDEN IL 0 , 85
Rasmus Skarstein (97) OLDEN IL 0 , 80
Lars Marius Kveen Gjertsen (97) OLDEN IL 0 , 80
G11
Eirik Ask SVELGEN T&IF 1 , 21
Lars Erik Mork OPPSTRYN IL 1 , 21
Asgeir Flåten OLDEN IL 1 , 05
Andreas Osnes Kriken ÅHEIM IL 1 , 00
Per Arne Ekremsæter ÅHEIM IL 1 , 00
Erik Sunde OLDEN IL 0 , 95
G13
1 Anders Muri OLDEN IL 1 , 35
2 Sondre Guddal Muri OLDEN IL 1 , 35
3 Ole Myklebust OLDEN IL 1 , 25
4 Pål Valberg SVELGEN T&IF 1 , 20
5 Christian Thue ÅHEIM IL 1 , 15
6 Espen Skår OPPSTRYN IL 1 , 10

G14
1 Robert Løtuft BREIMSBYGDA IL 1 , 50
2 Torgeir Skorge Aasen ÅHEIM IL 1 , 45
3 Erlend Løvold ÅHEIM IL 1 , 25
G16
1 Jørgen Bjørkedal SVELGEN T&IF 1 , 75
2 Lasse Hjelle OPPSTRYN IL 1 , 55
3 Kai Robin Hellebust ÅHEIM IL 1 , 40

KULE

G10 2 Kg
Kristian Bremnes SVELGEN T&IF 7 , 22
Oskar Raftevold VIKANE IL 6 , 75
Runar Skorge Stranden ÅHEIM IL 6 , 75
Erling Tenden Myklebust VIKANE IL 6 , 33
Kim Johansen SVELGEN T&IF 6 , 21
Marius Rygg HYEN IL 6 , 17
Lars Marius Kveen Gjertsen (97) OLDEN IL 5 , 75
Jonas Eide (97) OLDEN IL 5 , 30
Andreas Løken (97) OLDEN IL 4 , 64
Rasmus Skarstein (97) OLDEN IL 4 , 39
Are Tenden OLDEN IL 4 , 37
Agon Qitaku VIKANE IL 4 , 07
G11 2 Kg
Frank Sanches Guddal OPPSTRYN IL 8 , 73
Erik Sunde OLDEN IL 7 , 24
Eirik Ask SVELGEN T&IF 6 , 73
Jakob Kvamme OLDEN IL 5 , 92
Per Arne Ekremsæter ÅHEIM IL 4 , 64
G14 4 Kg
1 Dan Robert Warberg ÅHEIM IL 9 , 12
2 Erlend Løvold ÅHEIM IL 8 , 32
3 Ole Kristian Berge ÅHEIM IL 8 , 08
G16 5 Kg
1 Kai Robin Hellebust ÅHEIM IL 10 , 31
2 Jørgen Bjørkedal SVELGEN T&IF 9 , 84
3 Jon Fridtun Vereide VON IL 9 , 77
4 Lasse Hjelle OPPSTRYN IL 9 , 31

J15 3 Kg
1 Isabell Sunde Hoel BREIMSBYGDA IL 8 , 49
2 May Britt Thue ÅHEIM IL 6 , 12

LENGDE M/TILLØP
G10
Erling Tenden Myklebust VIKANE IL 3 , 50
Runar Skorge Stranden ÅHEIM IL 3 , 42
Oskar Raftevold VIKANE IL 3 , 41
Kim Johansen SVELGEN T&IF 3 , 23
Marius Rygg HYEN IL 3 , 20
Agon Qitaku VIKANE IL 2 , 83
Rasmus Skarstein (97) OLDEN IL 2 , 72
Andreas Løken (97) OLDEN IL 2 , 72
Are Tenden OLDEN IL 2 , 58
Anders Egset OLDEN IL 2 , 58
Jonas Eide (97) OLDEN IL 2 , 43
Lars Marius Kveen Gjertsen (97) OLDEN IL 2 , 28
G11
Eirik Ask SVELGEN T&IF 3 , 49
Lars Erik Mork OPPSTRYN IL 3 , 40
Asgeir Flåten OLDEN IL 3 , 16
Per Arne Ekremsæter ÅHEIM IL 3 , 14
Jakob Kvamme OLDEN IL 3 , 05
Andreas Osnes Kriken ÅHEIM IL 3 , 00
Frank Sanches Guddal OPPSTRYN IL 2 , 94
Erik Sunde OLDEN IL 2 , 86
Kristian L. Gjerde OLDEN IL 2 , 68
G13
1 Anders Muri OLDEN IL 4 , 60
2 Pål Valberg SVELGEN T&IF 4 , 36
3 Ole Myklebust OLDEN IL 3 , 91
4 Sondre Guddal Muri OLDEN IL 3 , 83
5 Christian Thue ÅHEIM IL 3 , 78
6 Jonas Kvamme OLDEN IL 3 , 21
7 Thomas Leirgulen LEIRGULEN IL 2 , 59
G14
1 Erlend Løvold ÅHEIM IL 4 , 46
2 Dan Robert Warberg ÅHEIM IL 4 , 16
3 Torgeir Skorge Aasen ÅHEIM IL 4 , 16
4 Ole Kristian Berge ÅHEIM IL 2 , 70
J15
1 Isabell Sunde Hoel BREIMSBYGDA IL 4 , 11
2 May Britt Thue ÅHEIM IL 3 , 54

Kjetil nr 2 i KM

Det vart andreplass på 60 meter til Kjetil under KM innandørs i Brynhallen laurdag 3. februar. Han fekk tida 7.71 i forsøket og 7.70 i finalen. Vinnar vart gode Vegard Jenset Øien frå Eide IL, som fekk tida 7.57.

Sterk 10. plass til Kjetil i UM.

Det vart ein ny fin innsats av Kjetil Westerås under UM innnandørs i Drammen laurdag 11. februar. I forsøket vart han nummer to i sitt heat med tida 7,61 på 60 meter og gjekk vidare til semifinale. Tida var den niande beste i forsøksheata.

I semifinalen måtte han nøye seg med 7,64 og femte plass i sitt heat. Totalt ga dette ein tiande plass, noko som må seiast å vere svært flott, særleg når ein veit at konkurrentane alt har fleire stemne innandørs bak seg og at Kjetil bør ha ein del å gå på formmessig i forhold til desse. Med ein litt betre start og litt meir "stang inn" når det gjaldt kva semifinaleheat han kom i, kunne det også lett ha vorte finale, men uansett har 16-åringen all grunn til å vere fornøgd så langt.

Sterkt av Anders i Geiranger.

Sterk sykling av Anders i Nibberittet.

Sterk sykling av Anders i Nibberittet.

Anders Bakkebø viser stadig framgang både til fots og på sykkelen.

Under "Nibberittet" i Geiranger vart det pers for Anders igjen. I år fekk han tida 1.36,10. Det er over fem minutt betre enn i fjor, men ga same plasseringa, nummer sju i klasse 40-44 år.

Vi hadde også med fire deltakarar til fots, og i miniton opp det bratte Flydalsjuvet brukte Sondre Hasund 26.58 minutt som er sju minutt bak vinnaren. Det ga ein fin 12. plass av 28 deltakarar i alle aldrar. I dameklassa vart Vilde nummer åtte med tida 31.44 som var 7.55 bak vinnaren. Kjempeflott innsats i eit tøft løp. For dei to som sprang på Dalsnibba vart tidene 2.10,55 for Asgeir og 3.07,51 for Gunnar.


Tre frå Åheim uttekne til NCC-leikane.

Utøvarar frå Åheim IL markerer seg på kretsnivå også i friidrett, og Erlend Løvold (14), Torgeir Skorge Aasen (14) og Ole Jonny Westerås (13) er uttekne på Møre og Romsdal sitt lag til NCC-leikane, eller dei såkalla regionale kretsleikane. Dette er det som før var Donald Duck -leikane, og som no er delt i landsomfattande kretskonkurransar på tre stader i landet. Erlend, Torgeir og Ole Jonny skal til Trondheim, der Møre og Romsdal skal konkurrere mot kretslag frå trønderfylka og dei tre nordlegaste fylka i landet. Vi gratulerer også desse og ønskjer lykke til.