Bilde løp 3, 22.01.11
(42. delt)
Bilde løp 2, 1. januar 2011
(42 delt. Klikk på bildet for lysbildevisning)
Bilde løp1, 20.11.2010
(46 delt.)
Vinterkarusellen 2009-2010, løp 5
Det var bra forhold og spreke tider under avslutninga av vinterkarusellen fredag 12.03.10. Sondre varsla muleg tronskifte i familien Hasund og klarte ei av dei beste tidene som har vore. Søster Vilde sprang under 14 minutt for første gong og løyperekorden kan vere i fare til neste år. Martin Skorge har trena mykje på ski heime på marka, noko som gav utslag i ei sterk tid også i springing. Fleire andre sette og årsbeste og persar. Og etterpå var det pemieutdeling og god sjokolade kake. Nedanfor ligg resultat og bilde.
vinterkarusell2009og2010_loep5.doc
Bilde løp 5
Bilde løp 3, 23.01 2010
Bilde løp 3, 27.12.09
Bilde løp 1 -09
Sprek start på karusellen
Det er tydeleg at folk har vore aktive gjennom sommaren og hausten og synte fin form i første runde i karusellen søndag. Foreløpige resultat finn du under.
Neste løp vert (OBS: Endring!) 3. juledag. Sjå under Friidrett/Vinterkarusell til venstre.
KARUSELLAVSLUTNING 08/09
KARUSELLAVSLUTNING

Fin forhold for Selma, Emilie, Elin og alle andre under siste løp i karusellen.
Nedanfor ligg foreløpige resultat
Vinterkarusell2008og09_loep5.doc
TO LØYPEREKORDAR
Brukbare forhold og formutvikling gav mange personlege rekordar og to løyperekordar mellom dei 42 deltakarane i vinterkarusellen fredag 20/2. Vi let oss imponere av Tenko, som sette sterk løyperekord for hundar, men også flott av Iren, som kutta tre sekund av sin gamle rekord i kvinneklassa, medan Anders sette pers i herreklassa. Vidare ser vi eit drøss av personlege rekordar, særleg hos dei yngste. Resultat nedanfor.
Vinterkarusell2008og09_loep4.doc
Bilde loep3 24.01
TRIVELEG KARUSELL
Det nærma seg litt vårver i tredje utgåva av vinterkarusellen. Trass i Nordeacup, registrerer vi 55 deltakarar, av dei 46 på sjølve løpsdagen. Gode forhold og formutvikling gav mange gode tider, og dei som tok det med ro, kunne kose seg med innlagd stopp med kaffi og julekaker i prestegarden. Ein standard det vert hardt å leve opp til for servitøren der ute.
Under ligg foreløpige resultat. Etter kvart kjem bilde og fullstendige resultat.
Vinterkarusell2008og09_loep3.doc
VINTERLEG KARUSELL
Det første løpet i vinterkarusellen laurdag 22. november, samla trettifem deltakarar. Det var mange som var borte og ein del prioriterte anna "oppvarming" og pynting. Men ein del var altså på plass og tok dette som oppvarming til dansen på julebordet og stilte også sikkert med god matlyst og raude roser i kinna og dessutan like friske inni som utanpå. Det var glatt gjennom løypa og raskaste løpar, Alexander, måtte nedpå ved Åheimtun. På biletet ser vi Elisabeth og pappaen i flott stil. Elisabeth var ei av dei får som persa denne gongen. Føreløpige resultat nedanfor. Lengre nede på sida finn du også bilde frå løpet.
vinterkarusell2008og09_loep1.doc
VINTERKARUSELL 22. NOVEMBER
Løp 5: 07.03 2008
vinterkarusell2007_08_lop5.doc
Løp 4: 06.02 2008
Flott oppmøte på fjerde løpet i vinterkarusellen, som også fekk brukbare forhold trass i litt sur og kald vind. 86 deltakarar var registrerte på løpsdagen, nokre skal springe laurdag, søndag og på måndag. Mange gutespelarar, som tar dette som formtest, gjer sitt til gode tal, så er vi bedde om å nemne spesielt dei to som kjem frå Syvde og Eidså for å delta, og Jofrid helsar til dei unge på hennar alder, at fleire av dei burde snu seg rundt og vere med.
Bilde Løp 3: 19.01 2008
Då ser det ut som vi enda på 78 deltakarar. Svært bra. Det ser ut som vi har stabilisert oss på eit litt høgre deltakartal i år og det er og ein svært koseleg tone mellom deltakarane som virkar ha det triveleg. Dette gjer det kjekt å vere arrangør og vi håpar trenden held fram.
Bilde Løp 2: 27.12 2007
84 deltakarar på startstrek torsdag tredje juledag, er med det vi veit rekord. Laurdag stilte det seksten stykke, men tre av dei var med også torsdagen. Vi er dermed oppe i 97, og tel vi med dei tre som sprang utanom løpet torsdag, når vi 100 deltakarar. Dette er svært kjekt for oss som arrangerer, og med det vi høyrer synest også deltakarane det er triveleg med så stor oppslutning. Særleg positivt var det med gutelaget som tok løpet som ein formtest. Til neste løp er nok forma endå betre, dei kjenner løypa, har meir løpserfaring, og får kanskje betre ver, så her ligg det an til forbetringar. Også dei utanbygds deltakarane som tok turen i dårleg ver, må få honnør.