Dugnad på kunstgrasbana

Postet av Åheim Idrettslag den 18. Sep 2025

Kom og ta eit lite tak på kunsgrasbana laurdag (20.09). Det er viktig å halde ting ved like. Langs kunstgrasbana ved skulen veks opp litt gras langs kantane, det gror til rundt lengdegropa og langs kantane, takrenna på Janbuda tettar seg, og kjem litt småstein på dekket. Kunne vi fått til ein liten dugnad laurdag, der riktig mange tar turen innom mellom 11-13 og gjer ein liten ryddeinnsats? Om tjue personar berre er innom ein halvtime, får vi gjort mykje, om det vert berre fem personar i ein time kanskje ikkje så mykje, og med femti stykke i to timar kan vi få rosemåla dekket. Og her kan alle bidra, det trengst berre ei grafse, ei lita ugrashakke, eller du kan bruke hendene. Ei trillebåre eller ein traktor til å køyre bort rusk hadde også vore kjekt. Om noken har med ein høgtrykkspylar til å spyle veranden på Janbuda er det riktig flott, og det gjorde ikkje noke om einkvan hadde utstyr til vaske golvet etterpå. Ta deg ei lita stund og gjer ein liten innsats og sjå at vi kan få riktig mange til å møte, om så berre for litt tullprat😄


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.