Vinterkarusellen 2025/ 2026

Postet av Åheim IL - Friidrett den 29. Nov 2025

LØP 1, 29.11 -25

Det stilte denne gongen 23 blide og kjekke deltakarar til start. Litt vått og glatt utanfor barnehagen, men eit par stykke sette også denne gongen personlege bestetider. Raskast av kvinnene var Amalie Flister, medan Asgeir Hasund også viste at treninga har vore skjøtta godt og forbetra bestetida frå i fjor. Nokre av dei heilt unge tok seg også gjennom løypa på flott vis, og seks av deltakarane kunne også ta med seg trekningspremiar frå Sparebanken Møre heim att. Så håpar vi riktig mange plottar inn løp i romjula, som er planlagt mest truleg tysdag 30. desember. Følg med på ÅIL sine sider.

vinterkarusell 2025 og 26-loep1.doc


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Åheim IL - Friidrett