VINTERKARUSELL LAURDAG

Postet av Åheim IL - Friidrett den 25. Nov 2025

-
timer
-
minutter
-
sekunder

Laurdag 29. november prøver vi å drage i gang att vinterkarusellen. Dette er fem trimløp over tre kilometer med start frå skulen, der ein enten kan ta det som sosial trim og gå rundt løypa, eller som treningsinspirasjon med å springe på tid. Det vil vere samanlagtpremiering for dei som deltek i minst fire av dei fem løp gjennom vinteren, og i kvart løp vil det dessutan vere små trekningspremiar.

INFO: Start klokka 15.00 frå skulen. 14.50 for dei som berre vil gå utan tidtaking. Løypa er 3,2 kilometer og går frå skulen ut forbi barmehagen, tilbake langsfylkesvegen, ned til Åheimtun og fram att gjennom sentrum.

I kvart løp vil det vere eit par små trekningspremiar. Samanlagtpremiering for dei som har minst fire løp. Uder fana FRIIDRETT og linken Vinterkarusellen øvst finn du bilde og tider frå i fjor. I ARKIV ligg bilde frå tidlegare år. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.