Dugnad på Løvold komande torsdag

Postet av Åheim Idrettslag den 19. Mai 2025

Torsdag 22. mai, kl. 17:30 – 20:00.

Vi inviterer barn, vaksne og eldre til ein sosial dag på Løvold, med dugnadsarbeid og aktivitet/leik. Det er meldt flott vêr, og ÅIL stiller med sveler, pølse m/brød, kaffi og saft til alle frammøtte.

Ta gjerne med eit matfat om du vil!


Planlagde arbeidsoppgåver:

FOTBALLBANA

  • Klippe og stelle fotballbana.

TENNISBANA

  • Bendsle/feste nettet til stolpane skikkelig.
  • Fylle på sand.

SANDVOLLEYBALLBANA

  • Rake sandvolleyballbana.
  • Kappe til gjerdet.
  • Sjekke om noko må bendslast/festast.

STELL AV OMRÅDET

  • Klippe småkratt og vekstar rundt flaggstengene.
  • Skoge og rydde rundt tribunene.
  • Høgtrykkspyle og vaske tribunene.
  • Røske opp grusplassen og få bort mose/vekstar (bør ha traktor til dette).
  • Klippe/fjerne busker og småvekstar grusbane/området.
  • Rydde unna rusk og rask på området.
  • Køyre unna pallar, rusk og busker.
  • Stripse saman nettinggjerdet på altanen på klubbhuset.

BENKAR OG TRIMAPPARAT

  • Vaske rastebenkane.
  • Vaske og behandle stålsøppelbøtte ved tennisbane.
  • Behandle rust på trimapparat.

 

Ta med om du har: 

  • Hengar (til å frakte bort rusk)
  • Traktor med grushorv (til å røske over bana m.m.)
  • Gardintrapp (til bendsling av tennisbane)
  • Jernbindetang
  • Jernrive
  • Krafse
  • Motorsag/ryddesag
  • Hagesaks/greinsaks/rosesaks/hekksaks
  • Kantklippar
  • Anna aktuelt verktøy og hagereiskap
  • Arbeidshanskar

Sist, men ikkje minst - motivasjon og arbeidslyst!

Dette blir ein sosial kveld, der vi håper på like godt oppmøte og god stemning som på fjorårets aktivitetsdag, då vi offisielt opna aktivitetsparken!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.