Karusellen i mål

Postet av Åheim Idrettslag den 23. Jan 2025

Elleve deltakarar stilte på femte og siste runde i vinterkarusellen 2024-25. Deltakinga har ikkje vore som håpa i år, med tretti deltakarar i romjulsløpet som det meste. Særleg saknar vi betre frammøte av dei yngste og dei som berre vil ha ein frisk trimtur. Fleire har likevel teke løpa som ein fin motivasjon til trening, og ein heil del har stt nye, fine bestetider. Vi har også fått fleire enn nokon gong under tolv minutt, og i siste løpet leverte Kristoffer Thue Stranden den fjerde beste tida i løpet si historie med 10.57. Totalt har også femti deltakarar gjennomført eitt eller fleire løp. Ine Flister og Alf Kristian Berget var dei to einaste med fire løp og fekk premie, medan Ann-Iren Nummedal Ekremsæter vart trekt ut som vinnar av tursekk frå Sparebanken Møre. 

Resultata finn du under Vinterkarusell


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste fra Åheim Idrettslag