Dugnad på Løvold komande torsdag
Postet av Åheim Idrettslag den 19. Mai 2025
Torsdag 22. mai, kl. 17:30 – 20:00.
Vi inviterer barn, vaksne og eldre til ein sosial dag på Løvold, med dugnadsarbeid og aktivitet/leik. Det er meldt flott vêr, og ÅIL stiller med sveler, pølse m/brød, kaffi og saft til alle frammøtte.
Ta gjerne med eit matfat om du vil!
Planlagde arbeidsoppgåver:
FOTBALLBANA
- Klippe og stelle fotballbana.
TENNISBANA
- Bendsle/feste nettet til stolpane skikkelig.
- Fylle på sand.
SANDVOLLEYBALLBANA
- Rake sandvolleyballbana.
- Kappe til gjerdet.
- Sjekke om noko må bendslast/festast.
STELL AV OMRÅDET
- Klippe småkratt og vekstar rundt flaggstengene.
- Skoge og rydde rundt tribunene.
- Høgtrykkspyle og vaske tribunene.
- Røske opp grusplassen og få bort mose/vekstar (bør ha traktor til dette).
- Klippe/fjerne busker og småvekstar grusbane/området.
- Rydde unna rusk og rask på området.
- Køyre unna pallar, rusk og busker.
- Stripse saman nettinggjerdet på altanen på klubbhuset.
BENKAR OG TRIMAPPARAT
- Vaske rastebenkane.
- Vaske og behandle stålsøppelbøtte ved tennisbane.
- Behandle rust på trimapparat.
Ta med om du har:
- Hengar (til å frakte bort rusk)
- Traktor med grushorv (til å røske over bana m.m.)
- Gardintrapp (til bendsling av tennisbane)
- Jernbindetang
- Jernrive
- Krafse
- Motorsag/ryddesag
- Hagesaks/greinsaks/rosesaks/hekksaks
- Kantklippar
- Anna aktuelt verktøy og hagereiskap
- Arbeidshanskar
Sist, men ikkje minst - motivasjon og arbeidslyst!
Dette blir ein sosial kveld, der vi håper på like godt oppmøte og god stemning som på fjorårets aktivitetsdag, då vi offisielt opna aktivitetsparken!