Dugnad på Løvold komande onsdag

Postet av Åheim Idrettslag den 22. mai 2026


Onsdag 27. mai, kl. 18:00– 20:00.

Vi inviterer barn, vaksne og eldre til ein sosial ettermiddag på Løvold, med dugnadsarbeid og aktivitet/leik. Vi tek forbehold om at det blir utsett, dersom nedbør. ÅIL stiller med sveler, pølse m/brød, kaffi og saft til alle frammøtte.


Planlagde arbeidsoppgåver:

  • Brenne bål
  • Tømme brakke, og flytte materiell over til garderobe.
  • Bendsle gjerde i 2.etg. Klubbhus.
  • Fylle hol i dekke på tennisbane, og evt. fylle på sand.
  • Beise tribuner.
  • Beise redskapshus.
  • Behandle rust på trimapparat.
  • Kantklipping.
  • Fylle på med granulat på kunstgrasbane ved hallen.

Vi skal også ha ein namnekonkurranse på den nye robotklipparen vår!


Ta med om du har: 

  • Malekle
  • Arbeidshanskar
  • Kantklippar
  • Anna aktuelt utstyr/verktøy
  • Sist, men ikkje minst - motivasjon og arbeidslyst!

Dette blir ein sosial kveld, der vi håper på like godt oppmøte og god stemning som på tidligare dugnadskveldar!





1. mailøpet 2026

Postet av Åheim Idrettslag den 28. mar 2026

Vel møtt til 1.mailøpet, terrengløp for alle klasser frå fem år og oppover. Premie til alle som deltek. 

Har du hugsa å melde deg på? Hugs at det er 50 kr ekstra på sjølve løpsdagen, og vi vil gjerne ha deg inn i programmet. Det er difor betre å melde seg på  og så vert du eventuelt berre stroken om du ikkje kan møte løpsdagen. 

Vi understrekar igjen at vippsinnbetaling ikkje fører til automatisk påmelding, men at du må melde på separat og betale for seg sjølv. 

Meir info finn du på: 1.mai-løpet - info

Påmeldingsliste per torsdag kl 01.00:

startliste 1.mailøpet 2026.xlsx

Påmeldingsliste 2026 torsdag fm.docx




Avslutning vinterkarusellen fredag

Postet av Åheim Idrettslag den 10. mar 2026

Trass i litt riskabel dato, prøver vi femte og siste løp i vinterkarusellen fredag 13. mars kl 18.00. Då håpr vi mange både store og små tar turen og vert med på litt fin kveldstrim gjennom bygda.




Årsmøte 2026

Postet av Åheim Idrettslag den 26. feb 2026

Styret inviterer med dette alle medlemar i idrettslaget til årsmøte i klubben, på Løvold, 25. mars kl 19:00. Vi vonar alle med glede av aktivitet i bygda stiller opp for å støtte laget, og ta del på årsmøtet.

Innkomne saker må meldast styret innan 18. mars.


Årsmøtesaker:

1. Val av ordstyrar + to medlemar til å signere møteprotokollen

2. Godkjenne sakliste

3. Godkjenne årsmeldingar

4. Godkjenne rekneskapen

5. Behandle innkomne forslag

6. Fastsette kontigentar

7. Arbeidsprogram og løyvingar for komande år

8. Utsendingar av representantar til årsmøte og kretsting

9. Val

Vel møtt!


Helsing styret:

Leiar Lena M. Landsverk

Nestleiar Asgeir Hasund

Kasserar Sølvi Myklebust

Sekretær Sara Berget Bøstrand

Styremedlem Terje Slagnes

1.vara Ann-Iren N. Ekremsæter

2.vara Marion Runshaug Vik