Skigruppa Åheim IL
Skigruppa har ansvaret for lysløype ved hallen, på Duestøylen og traséen mellom Rota og Øverberg. Ved sida av vedlikehald og drift av anlegg og utstyr, freistar vi å køyre løype så ofte vi kan når det er snø. Vi har også som mål å skipe til aktivitetar som skikveldar og skirenn når forholda ligg til rette for det. Vi ser at aktiviteten er god og mange nyttar løypene dei gongane vi får stabile snøtilhøve. Det er både kostbart å halde og drifte utstyr, og vert brukt mange timar, særleg til løypekøyring i lysløypene og på fjellet. Støtt oss difor gjerne, først og fremst gjennom å vere medlem i ÅIL, men du kan også vippse til 130 056 og merke beløpet Støtte løypekøyring.
I skigruppa sit i 2025: Ole Magne Kvalsvik (leiar), Idar Berget (løypeansvarleg), Asgeir Hasund, Tormod Hvattum, Johan Duestøl, Isak Berget, Marius Duestøl.