Arkiv
Karusell laurdag 15. mars
Postet av Åheim Idrettslag den 23. Jan 2025
Dagane lysnar og kanskje er det ei tid å tenkje på å trappe opp vårforma, eller kanskje vil du berre ha ein sosial trimtur i lag med andre trivelege folk? Då kan ein fin start vere å delta i femte runde i vinterkarusellen laurdag 15. mars. Få med naboar og venner og bli med, så kanskje vi får like mange på starstreken som for tjue år sidan? Start frå skulen kl 15. Sidan dette er siste runde i år, legg vi også opp til ein liten kaffikopp og premiering i etterkant, så ta deg tid å stogge litt etter løpet. Resultat frå dei andre løpa ligg på Vinterkarusell
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.