Kaldt, men kjekt på karusell
Tretten personar tok turen rundt i tredje runde av vinterkarusellen. Jon André imponerte både med kortbukse i fem minus og ikkje minst ved å true Fredrik sin sterke løyperekord. Med tida 10.29 var han berre fem sekund frå å slå den ti år gamle rekorden. No vårast det snart, og til neste løp håpar vi fleire vil legge inn litt trening og stille opp på karusellen som ein motivasjon for å komme i endå betre form. I alle fall gir deltakarane utrrykk for at det er kjekt og sosialt å komme i lag og få opp pulsen med ei runde i bygda, og vi håpar enno fleire vil la seg inspirere til å verte med på dei to siste løpa. Under ligg foreløpige resultat og bilde.
vinterkarusell 2025 og 26-loep3.doc