Vinterkarusellen løp 3, 23. januar
FREDRIK PUSTAR UT: Det er lov å vere sliten når du har tangert din eigen løyperekord.
FREDRIK PUSTAR UT: Det er lov å vere sliten når du har tangert din eigen løyperekord.

Laurdag gjkk tredje runde i karusellen, med brukbare løpsforhold. Einaste i starten var det blautt over skuleplassen, noko som gjorde at starten vart flytta opp på vegen ovom kunstgrasbana. Det gjorde kanskje at løypa vart nokre sekund kortare, men likevel svært sterkt av Fredrik Hovdevik å tangere sin eigen løyperekord. Fleire andre unge sette også personlege rekordar.

Maria Borg med langt over fire minutt og søster Tuva forbetra si eiga bestenotering frå forrige løp med snart to minutt. Vidare persa Tiril Hasund med åtte sekund og Bernhard Vik med sju sekund, og også Elisabeth Hovdevik leverte ei av sine beste tider. Svært flott, no er det berre å stå på vidare.

Vi skulle likevel ønskt oss at litt fleire enn tjueseks deltakarar fann vegen til sosial trim i frisk luft, sjølv om det før på dag såg litt grått ut i periodar. Vi minner om at det er små trekningspremiar å få med seg, som åtte av deltakarane gjorde, og kansje aller mest tilfreds var Viktoria Jepsen frå Bryggja, som vann ein godtepose. For mange er det heller ikkje for seint å sikre seg minst tre løp som gir premiering og også sjanse til å vinne gåvekort på 500 kroner i siste løpet.

vinterkarusell_2015og16_loep3.doc

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco