FJELLTRIM 2007/2008

fjelltur.jpg

Frå mandag 13.oktober startar vi i trimgruppa og bytte ut bøkene. Så nytt sjansen denne veka dersom du har fleire toppar du vil ta i denne sesongen. Premiering vert på årsmøtet til ÅIL etter nyttår ein gong.

Trimgruppa

TURAR DEI TO NESTE VEKENE:

Frå turen i juni, Rimstaddalen-Berstad"Kvar vart det av frosken tru?!"

Frå turen i juni, Rimstaddalen-Berstad
"Kvar vart det av frosken tru?!"

Solsikkevekene går av stabelen dei to neste vekene, og trimgruppa arrangerer i den anledning to fjellturar.
Tysdag 2.september klokka 18.00 går turen til Bekslehornet. Start på Beksle.
Søndag 14.september arrangerer vi familietur til Lisjevassætra. Meir informasjon om denne turen kjem på sida her etterkvart. Men set av datoen allereie no!

Trimgruppa.

TUR TIL STAURDALSEGGJA SØNDAG 29.JUNI 2008

staurdalse..jpg

Komande søndag har vi planlagt tur til Staurdalseggja.
Starten går i Sundalen ved/Laila og Nils Svastuen klokka 11. Turleiar vert Laila Svastuen.
Ved dårleg ver, vert turen avlyst (er du usikker så sjekk heimesida her om morgonen eller ring 90967436,  Wenche)

Turen opp tek ca 2,5 timar.
Møt opp og få ein frisk start på ferien!!

Trimgruppa.

FLOTT FAMILIETUR FRÅ RIMSTADDALEN TIL BERSTAD!

Ungane studerar ivrig ein frosk...men ops, der hoppa han visst....

Ungane studerar ivrig ein frosk...men ops, der hoppa han visst....

25 personar vart med på turen som gjekk av stabelen søndag 1. juni. På Åheim låg skodda lavt (som vanleg) men som vanleg skal ein ikkje reise så langt før ein slepp unna den. Jarle Hellebust køyrde oss med bussen både til Rimstaddalen, og henta oss på Berstad i Moldefjorden fire timar seinare.
Gerd Endestad guida oss langs heile ruta, og ho kunne fortelje både om futen i myra, bjørnar og andre ting som hadde foregått i traktene her.
Elles var det nokon som ufrivillig prøvde badelykka, nokre fann froskar og alle kosa seg med mat og drikke.

Ein kjekk tur!
Ligg linkar til fleire bilder under her (tek litt tid å få fram, man manglar rette programmet)

Kan elles minne om at søndag 29.juni er planen å arrangere tur til Staurdalseggja. Meir info kjem når det nærmar seg.

Trimgruppa.

full_fart_ned_til_Berstad..JPG
her_p__t_rt_land.....JPG
matpause_1.JPG
matpause_2.JPG
mat_m__man_ha.....JPG

FAMILIETUR 1.JUNI 2008.

Frå ein tidlegare tur på Staurdalsegga.

Frå ein tidlegare tur på Staurdalsegga.

Den planlagde turen frå Rimstaddalen til Berstad (Moldefjorden) vert altså søndag 1.juni.
Bussen går 10.30 frå Olivinhallen.
Påmelding for dei som vil følgje bussen:til Wenche, tlf 90967436, snarast råd (først til mølla....).
Bussen kostar 50 kroner for vaksne og 25 kroner for barn.

Det er sjølvsagt høve for alle å vere med, om ein ikkje vil følgje bussen, eller ein må køyre sjølv fordi bussen vert full. Men då må ein ordne seg med køyring /henting sidan det er ulikt start- og sluttpunkt (eller gå tilbake igjen).

Turen tek ca 4 timar inkludert pauser og guiding.
Turledar vert Gerd Endestad frå Rimstaddalen.
Ta elles med mat og drikke og kle etter veret.

God tur!

Trimgruppa

Forhånd.1...5678910Neste

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco