Fjelltrimmen

Styret i trimgruppa har bestemt at bøkene på fjellpostane skal bytast ut i tdsrommet frå og med 24. september til og med 3. oktober. Om været blir bra vil vi prøve å byte bøkene i helga 25. og 26. september. Om noken manglar postar kan ein ta kontakt med trimgruppa og gjerne bli med når bøkene skal bytast.

Trimgruppa har også vurdert poeng på dei ulike postane. Vi har brukt GPS og vurdert både lengde på turen og antall høgdemeter. Det viste seg da at to postar gav lite betalt i forhold til "anstrengelse". Nemlig Vedahornet og Storehornet. Trimgruppa har derfor bestemt at ved byte av bøker blir ny poengsum for Vedahornet 3 poeng og ny poengsum for Storehornet blir 5 poeng.

OW

Nye turruter merka

Steinar Slagnes og broder Arvid har nå merka ferdig ruta fra parkeringsplassen ved Vikevatnet til Storehornet. Trimgruppa takker for hjelpa.

Ruta med samme utgangspunkt til Vedahornet er også merka.

Også ruta mellom Storehornet og Vedahornet er merka samt mellom Hylkjesteinen og nedfarta mot Lyngfjellhola (mellom Vardane).

Turen fra parkeringa ved Vikevatnet, opp til Storehornet, vidare til Vedahornet og ned til parkeringa via Bjørdalsvatnet har blitt ein fin rundtur som er merka heile vegen.

OW

Ny rute merka

MERKING: Kjentmann Idar har teke ein ørliten kaffipause på veg mot Løvollsnipa i flott ver tysdag, då ein fekk merka godt heilt til toppen. Største diskusjonen var om å få lov å bere pinnnar, men som vi ser har leiaren i trimgruppa sjølv teke tyngste børa, medan Wenche har merkesprayen og Iren har saksa,Onsdag vart det surever, men ein ryddegjeng stod på, sjølv om dei vart blaute langt inn i mobiltelefonen.

MERKING: Kjentmann Idar har teke ein ørliten kaffipause på veg mot Løvollsnipa i flott ver tysdag, då ein fekk merka godt heilt til toppen. Største diskusjonen var om å få lov å bere pinnnar, men som vi ser har leiaren i trimgruppa sjølv teke tyngste børa, medan Wenche har merkesprayen og Iren har saksa,
Onsdag vart det surever, men ein ryddegjeng stod på, sjølv om dei vart blaute langt inn i mobiltelefonen.

Ruta frå fotballbana/Idar Berget til Løvollsnipa er no ferdig merka (juni 2010). Det er også rydda gjennom skogen slik at det no skal være greit å ta seg fram.

OW

Merketur

Pause på Nyken.

Pause på Nyken.

Onsdag 19. mai var heile trimgruppa + nokre hjelparar på merketur i flott vær med sol fra nærmast skyfri himmel.

Det var merking av ruta fra Vassenden og opp på Nyken som stod først på programmet. Ruta går opp langs gjerdet på sørsida. Det er nokre våte område, men vi prøvde å merke der det var nokelunde tørt. Ei myr eit stykke oppe, ca. 3 meter bredde, vil vi på sikt lage "bru" over, men det er ikkje noke problem å komme over.

Etter at ruta til Nyken var ferdig merka, kjørte vi ned til vegvesengarasja og parkerte. Ruta til Tusshornet starter ved den gamle "kufella", gjennom grinda (hugs å late att grinda). I starten går ruta gjennom skogen, men ellers er det ope og fint heile vegen til Tusshornet. Må også seie at denne ruta gir ei flott utsikt heimover bygda. Det er ikkje så god rås heile vegen, men dette vil endre seg fort om folk begynne å gå her. Denne ruta er ikkje så bratt som alternativet ned mot Hauane og den er også tørrare.

OW

Etter godt utført jobb kan utsikta nytast frå Tusshornet

Etter godt utført jobb kan utsikta nytast frå Tusshornet

Forhånd.12345678Neste

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco