

Hornindal
Tua

Åheim Idrettslag fekk måndag 24. april overrrekt ein sjekk på 40 000 kroner til skigruppa. Pengane skal dekke finansieringa av bru over elva i den nye traseen vi held på med. Samtidig vart Mini 10 i fotball spanderte på nye drakter og 10 nye fotballar.
Arbeidet med ny langrennstrase på Duestøylen vart også støtta med gåvemidlar frå Sparebanken Møre i 2004, då det også vart gitt til ny klippar på bana. I 2005 fekk vi mellom anna eit flott bidrag til NM i terrengløp. Idrettslaget vil få takke banken som ein trufast og god støttespelar, og minner alle med interesse for idrettslaget sitt arbeid og arbeid mellom barn, om at det er den lokale banken som støttar oss!