Vinterkarusellen løp 4, 18. februar

NY PERSONLEG BESTETID: Kyle sette ny pers med 37 sekund.
NY PERSONLEG BESTETID: Kyle sette ny pers med 37 sekund.

Berre sytten deltakarar på vinterkarusell denne gongen. Rett nok skiskyttarstafett og vinterferie, men frå sør om Maurstadeidet stilte dei med rekordmange, og utgjorde ni av dei sytten på start. Eit par persar vart det også i godt løpsvêr. No håpar vi på riktig mange til avslutninga, som er planlagd fredag 10. mars, ev søndag 12. mars?

vinterkarusell_2016og17_loep4_1_.doc

Vinterkarusellen løp 3, 21. januar

LETTFØTTE: Kaja og Tuva sprang på ei bra tid og hadde krefter til ein fin spurt.
LETTFØTTE: Kaja og Tuva sprang på ei bra tid og hadde krefter til ein fin spurt.

Eventuelle nyttårsforsett har enno ikkje slått inn, og det var berre 24 deltakarar som stilte i det tredje løpet i vinterkarusellen. Dei som stilte laurdag fekk ei nesten vårleg runde rundt løypa, medan fredagsgjengen fekk ei litt meir våt fornøying og dessutan ganske mørkt. Men det gjekk heilt greit, og no er det berre å køyre opp forma fram mot neste løp, som er planlagt første laurdag i vinterferien.

vinterkarusell_2016og17_loep3.doc

Vinterkarusellen 2. løp

img_9291.jpg

Femte juledag, 29. desember gjekk andre løpet i vinterkarusellen, med bra deltaking i litt småruskete, men mildt vêr. 39 personar deltok denne gongen. Fyrebels resultat under.

vinterkarusell_2016og17_loep2.doc

Vinterkarusell 2016/2017 løp 1

PERSA: Tiril tok førebels berre tolv sekund av bestetida si, men vil nok komme enno lenger ned gjennom vinteren.
PERSA: Tiril tok førebels berre tolv sekund av bestetida si, men vil nok komme enno lenger ned gjennom vinteren.

31 deltakarar gjennomførte det første løpet i vinterkarusellen 2016/17. Ein tredel av dei kom frå sør om fylkesgrensa. Det er svært kjekt, og vi håper åheimarar og ikkje minst andre vanylvingar framover finn å ville slutte opp på same vis, anten ein ser det som ein formtest eller ein sosial luftetur. Vi minner også om trekning av gåvepremiar og at alle som har minst tre løp også er med på trekning av gåvekort på 500 kroner på sports- og fritidskle/ -utstyr.

Nedanfor ligg resultat frå løp 1. Der ligg også plakat for løpet og bilde. Elles finn du resultat og bilete frå tidlegare løp i margen til venstre under Friidrett - vinterkarusell. Neste løp truleg torsdag, fredag? i romjula.

karusellplakat2016_17.doc
vinterkarusell_2016og17_loep1.doc
Siste runde i karusellen 12. mars
BEGGE VEGAR: Eigentleg var vi tenkt å gje tillegg i tida for Trond Hatlevik Borg med drahjelp, men er usikre på om det var eigentleg særleg hjelp.
BEGGE VEGAR: Eigentleg var vi tenkt å gje tillegg i tida for Trond Hatlevik Borg med drahjelp, men er usikre på om det var eigentleg særleg hjelp.

23 deltakarar fann vegen til avslutninga laurdag. Hilmar Kråkenes var denne gongen raskast og sette pers med tida 11.12, to sekund betre enn rekorden sin frå i fjor. Også Maria Borg pressa ned bestetida si med seks sekund og var raskaste kvinne.

Det var elles premiering for dei som hadde nok løp, og trekning av gåvepremiar, der Bente Sande kunne ta med seg den eine hovudpremien, ein tursekk frå Sparebanken Møre, medan Anders Bakkebø vann gåvekort på 500 kroner frå Selje Sport og Fritid.

 

vinterkarusell_2015og16_loep5.doc
Vinterkarusell løp 4, laurdag 13. februar
KLARE TIL START
KLARE TIL START

Laurdag stilte det 25 deltakarar. Førebels resultatliste under.

vinterkarusell_2015og16_loep4.doc
Vinterkarusellen løp 3, 23. januar
FREDRIK PUSTAR UT: Det er lov å vere sliten når du har tangert din eigen løyperekord.
FREDRIK PUSTAR UT: Det er lov å vere sliten når du har tangert din eigen løyperekord.

Laurdag gjkk tredje runde i karusellen, med brukbare løpsforhold. Einaste i starten var det blautt over skuleplassen, noko som gjorde at starten vart flytta opp på vegen ovom kunstgrasbana. Det gjorde kanskje at løypa vart nokre sekund kortare, men likevel svært sterkt av Fredrik Hovdevik å tangere sin eigen løyperekord. Fleire andre unge sette også personlege rekordar.

vinterkarusell_2015og16_loep3.doc
Vinterkarusell løp 2, 28. desember
img_5044.jpg

Trass i sykje som florerer i bygdene, møtte 39 små og store fram fjerde juledag og nytta høvet til ein tur rundt i bygda i fint vintervêr. Litt glatt underlag gjorde at dei fleste valde å ta det som ein god treningstur, men det var også dei som persa, som Tuva Borg, som betra bestetida si med nesten eitt minutt. Elles som vanleg ein del små gåvepremiar, og særleg nøgde var tre deltakarar frå Almenning, som kunne ta med seg to av øskjene med spekemòr frå Coop over fjellet att.

vinterkarusell_2015og16_loep2.doc
Vinterkarusell løp 1, 14.nov -15
SYNTE ATT: Denne gjengen vart trekte ut som vinnarar av blinkande refleksband som Sissel Kragset vik i Sparebanken Møre delte ut. Frå venstre: Tuva Borg, Kaja B. Bøstrand, Tiril Hasund, Jesper Endal Jepsen og Catrine Nygård.
SYNTE ATT: Denne gjengen vart trekte ut som vinnarar av blinkande refleksband som Sissel Kragset vik i Sparebanken Møre delte ut. Frå venstre: Tuva Borg, Kaja B. Bøstrand, Tiril Hasund, Jesper Endal Jepsen og Catrine Nygård.

37 deltakarar. Under ligg føreløpige tider.

vinterkarusell_2015og16_loep1.doc

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post: post@aaheim.no

Org.nr:971369418

Dagens kamper i krets
trykk på teksten
A-lag   Stadlandet /Åheim

sibelco.png

Terminlister og tabeller


1. mai løpet Åheim 2016

Medlems.
kontonr. : 3910 41 41777
Hoved.

Kontonr. : 3972 20 36100

spbm_logo_farge.jpg
sibelco789.png