Rapport frå NM i terrengløp 2004, på Kalvøya.

Årets NM i terrengløp, korte løyper og stafettar er over. Det var eit vellukka arrangement i meget vakre omgivelser, den første dagen i ....

Årets NM i terrengløp, korte løyper og stafettar er over. Det var eit vellukka arrangement i meget vakre omgivelser, den første dagen i strålande sol, den andre med overskya og lett dusjregn.
Arrangørane tok vel imot oss, og var i det heile blide og venlege, og ikkje minst proffe og godt førebudd til sitt NM-arrangement. Vel blåst, Tyrving!

Med over 200 deltakarar var dette det største terrengløp-NM på lenge. Vi får håpe vårt NM neste år slår denne rekorden.
Vi profilerte oss sterkt som neste års arrangør, med utdeling av brosjyrer, videovisning, samt at vi gjekk rundt i våre nye NM-jakker, som vart lagt godt merke til, og fekk mykje skryt. Vi var forøvrig dei einaste som gjekk rundt i jakker på lørdag, alle andre hadde shorts og bar overkropp.
Jakkane førte oss også i kontakt med generalsekretær Kjetil Hildeskor og president Svein Arne Hansen i Norges Friidrettsforbund. Vi fekk då høve til å snakke litt om førebuinga til neste år. Web-redaktøren frå nettsida kondis.no tok også kontakt for å gratulere med flott 1.mai-side, og lova oss både bilde og omtale ende ein gong.
Ordføraren i Bærum, Odd Reinsfelt opna stemnet, før den eminente speaker Jo Nesse overtok mikrofonen og leda stemnet på ein profesjonell måte.
Lørdag var det individuelle løp som stod på programmet. Den største klassa var menn senior, med 73 deltakar. Da dei la ut frå start hagla det mykje småstein i området. Feltet spreidde seg raskt, og 1.mai-vinnaren frå 2003, Odd Magne Liaskar, som låg langt framme i starten hamna til slutt på ein 67. plass. Vinnaren i denne klassa vart Marius Bakken, som behørig vart gratulert av Åheim sin eine utsende. Vidare vart Ine Wigernes med 6.plass i klassa kvinner senior overrekt gratulasjonar, og ønskt velkomen til Åheim. Vi inviterte også Undis Nødset, søstra til vår spreke Liv Berge. Ellers fekk vi også nokre ord med Ingrid Kristiansen, like spretten og blid som alltid, sjølv om ho hadde lagt opp all ”proff”-deltaking.
Under søndagens stafett var det noko færre deltakarar. Det var spesielt lærerikt å være med på ettersom vi har liten erfaring med denne type løp. I klassa menn senior dro laget Gjesdal det lengste strådet med både 1. og 2.plass.
Startnummerutdeling, vaflesteiking og premieutdeling gjekk føre seg utendørs, og var dermed prisgitt godt vær.
Premieutdelinga var nok enklare enn vi er vant til på Åheim, men verdig og fin, sjølv om ikkje alle medaljevinnarar var til stades.
Alt i alt ein lærerik og nyttig tur, som ga oss svar på mange spørsmål, og som satte Åheim og Vanylven på mange sitt kart. Vi gler oss til neste års NM!
Nokre stemningsbilde kan du sjå på bildegalleriet frå turen, fleire vert å sjå 1.mai i Olivinhallen, i tillegg til Jon Sivert´s filmopptak.

Helsing NM-delegasjonen

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco