Vindfullt på Dimnaleikane
Blide stemnedeltakarar på Høddvoll: F.v. Vilde Hasund, Håvard Svastuen, Jon-Andre Thue, Sondre Aahjem Løvold.

Blide stemnedeltakarar på Høddvoll: F.v. Vilde Hasund, Håvard Svastuen, Jon-Andre Thue, Sondre Aahjem Løvold.

Det var gode prestasjonar av dei unge utøvarane som deltok på Dimnaleikane søndag 16. september, sjølv om resultata vart prega av vinden.

Arrangørane opplevde for ein gongs skuld å få bra ver i timane stemnet gjekk, men det bles ganske godt. Minst innverka det på kuleresultata, og tiåringen Håvard Svastuen vann kule i si årsklasse for tredje stemne på rad. Resultatet hans gav 949 tyrvingpoeng, som var ein av dei beste poengsummane på stemnet. Vi merkjer oss elles Elise Padmaja Knardal, som deltok i sitt andre stemne og vann 60 meter føre sterke konkurrentar frå Dimna, Eide, Hareid og Molde. Hennar resultat gav 929 tyrvingpoeng. På 600 meter vart ikkje tidene så gode i vinden, men Vilde Hasund vann lett si klasse og hadde berre ei jente i 12-årsklassa føre seg i heatet.

 

Stemnedebutantar denne gongen var Andreas Krakereid Slåttelid og Simon Myklebust Nielsen, som begge gjorde det godt og syntest det var kjekt å delta på stemne.

 

Resultatliste:

G-9 60 m

4. Andreas K. Slåttelid, Åheim IL            11,43

6. Simon M. Nielsen, Åheim IL               11,91

G-9 Lengde

5. Simon M. Nielsen, Åheim IL               2,70

7. Andreas K. Slåttelid, Åheim IL            2,60

G-10 60 m

6. Sondre Aahjem Løvold, Åheim IL       10,71

8. Jon Andre Thue, Åheim IL                  11,28

G-10 Høyde

3. Jon Andre Thue, Åheim IL 1,05     

    6. Håvard Svastuen, Åheim IL 1,00     

    7. Sondre Aahjem Løvold, Åheim IL 1,00       

G-10 Kule (2,0kg)

    1. Håvard Svastuen, Åheim IL 7,66     

    3. Jon Andre Thue, Åheim IL 6,75      

G-10 Lengde 

7. Sondre Aahjem Løvold, Åheim IL       3,11

10. Håvard Svastuen, Åheim IL               2,70

11. Jon Andre Thue, Åheim IL                2,38                                                 

G-14 60 m

     3. Paul Ervin Storeide, Syvde IL 8,61 

G-14 Kule (4,0kg)

2. Paul Ervin Storeide, Syvde IL 7,23 

G-16 Kule (5,0kg)

    1. Ole Martin Brudevoll, Syvde IL 12,32        

J-10 60 m      

6. Vilde Hasund, Åheim IL 11,03

J-10 600 m    

1. Vilde Hasund, Åheim IL 2.17,04

J-10 Lengde

6. Vilde Hasund, Åheim IL 2,90         

J-12 60 m      

     1. Elise Padmaja Knardal, Syvde IL 9,29

J-12  Lengde 

6. Elise Padmaja Knardal, Syvde IL 3,72

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco