Håvard viste styrke på Byrkjelo

Åheim hadde med fire utøvarar på dei årlege Sparebankleikane på Byrkjelo i helga. (30.juni/1. juli) Alle gjorde sine saker bra, men mest utmerka Håvard Svastuen seg.

Håvard stilte i sitt første stemne og gjekk like så godt av stad og vann ein klar seier i kule. Tiåringen støytte 7,92 meter, som var over ein meter føre nestemann i klassa og som gir 965 poeng etter tyrvingtabellen. Og i følgje far Freddy, er resepten mykje silolemping som styrketrening. Vi veit at i ”gamle dagar” var skogsarbeid oppskrifta for særleg dei mest kjende langrennsløparane våre, som Ellefsæter, Grønningen og Tyldum. Kanskje vert no silolemping noko som må vurderast også for kulestøytarane våre på topplan?

 

Vilde Hasund viste seg på nytt som ei lettbeint og kondisjonssterk jente, som ho også har gjort på løpa i vinterkarusellen og på 1. mailøpet. På 600 meter vann ho ein klar seier i tiårsklassa, og ho fekk også ein bronsemedalje i lengde. Rett nok har ho seige kondisjonsgener i blodet både frå Ekremssætra og inne i frå Dalsfjorden, samt nokre fartsgener frå Folkestad, men Vilde er også ei aktiv og treningsvilleg jente som vi nok får høyre meir til.

 

For dei to 11-åringane Runar Skorge Stranden og Daniel Hellebust vart det meir på det jamne, men god trening gjennom sommaren vil nok gjere at dei kjem sterkare attende ved neste korsveg, som vert Ørstaleikane 1. september. Om sofaen øvst i Åheimlida fortsatt vert brukt flittig som landingsmatte, kan nok særleg høgde verte ei god øving der.

Resultat:

60 meter

Gutar 10 år:

7 . Håvard Svastuen, Åheim IL 10,38

Gutar 11 år:

10. Runar Skorge Stranden, Åheim IL 10,12

15. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 11,05

Jenter 10 år:

6. Vilde Hasund, Åheim IL 10,58

Lengde

Gutar 10 år :

11. Håvard Svastuen,   Åheim IL 3,05

Gutar 11 år:

9. Runar Skorge Stranden, Åheim IL       3,58

16. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 2,95

Jenter 10 år:

3. Vilde Hasund, Åheim IL 3,07

Kule

Gutar 10 år :

1. Håvard Svastuen, Åheim IL 7,92

Gutar 11 år:

7. Runar Skorge Stranden, Åheim IL 7,84                                                      

10. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 5,31

600 meter

Jenter 10 år:

1. Vilde Hasund, Åheim IL 2.07,70        

2. Mari Drabløs, Tyrving IL 2.11,98

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco