Liv - for trettande gong.
Spreke karar, -og ei dame. Vinnarar i Nordfjordkarusellen 2004.
Spreke karar, -og ei dame. Vinnarar i Nordfjordkarusellen 2004.

Liv Berge vann laurdag 25/9 klassa si

på Nordstrandsløpet på Vereide. 35 løparar stilte til start, og Liv brukte i år 30,58 minutt på dei rundt 6,5 kilometerane. Også Jostein Visnes frå Almenning vann si klasse (60-64 år) med tida 26,38 minutt. Totalvinnar var ein gamal kjenning frå 1. mailøpet, Olav Holvik (45-49 år)frå Flatraket. Han fekk tida 22,34 minutt.

Dette var det siste løpet i Nordfjordkarusellen, og både Liv og Jostein vann si klasse samanlagt. For Liv, som spring i klassa 50-54 år, var dette den trettande seieren på rad samanlagt i denne karusellen. Imponerande gjort. Rett nok har ho dei fleste åra ikkje har hatt konkurrentar i si klasse, men dette forringar ikkje prestasjonen, heller tvert om. Det er tøft gjort å drive heilt åleine år etter år og kunne halde seg på eit så godt nivå utan særleg miljø å støtte seg på. Vi håpar ho finn motivasjon til både tretten nye og meir til.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco