Kjetil imponerte i Hornindal.
Kjetil Andre Westerås (14) med 7,7 i Hornindal. (Foto: Reidun Aa. Løvold)
Kjetil Andre Westerås (14) med 7,7 i Hornindal. (Foto: Reidun Aa. Løvold)
Surt og kaldt ver og ein del rot frå arrangørane si side prega friidrettsstemnet i Hornindal søndag 06.06. Utøvarane frå Åheim leverte likevel mange fine resultat.

Mest imponerte igjen lynraske Kjetil Andre Westerås med 7,7 sekund i forsøket på 60 meter og 7,8 i finalen. Også ei bra tid på 800 meter der han vart nr 2 med 2.29,4 minutt. Kai Robin Hellebust leverte også ei god tid med 8,3 sekund i forsøket på 60 meter og vart nr 5 i finalen.

Av andre resultat ser vi at Torgeir Skorge Aasen (12) gjorde det godt i lengde med 3,80 meter (nr5) og vart også nr 2 i høgde med 1,20 meter. I 13-årsklassa er Runar Aahjem Løvold no stabil over 4 meter (4,09 - 3.pl) og har stadig framgang, medan Terje Aahjem var best på 60 meter og vart nr 2 med 8,9 sekund. Runar vart her nr 3 med same tid.

Av jentene var Ine Flister (12) med, og viser seg stadig som eit høgdetalent, sjølv om ho denne gongen måtte nøye seg med 1,15 meter og andre plass.

Med tanke på det kalde veret og at dette var det første utandørsstemnet, ser det lyst ut framover i sesongen. Alt til helga ventar vi framgang, spesielt av Kai-Robin og Kjetil under Førdeleikane.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco