Gode resultat, men sterk konkurranse på Byrkjelo.

Åheim IL hadde med seks deltakarar på Sparebankleikane 3-4. juli

Det vart andreplass til Kjetil på 60 meter, tredjeplass i tresteg og tredjeplass til Christian i kule. Elles nådde ikkje utøvarane frå Åheim heilt opp i medaljestriden denne gongen, trass i mange gode resultat. Dette skuldast sterk konkurranse og eit imponerande nivå i toppen. Til dømes hoppar Ida-Karita fine 3,37 meter i lengde i 12-årsklassa, men når vinnarhoppet er 4,80 meter, fortel det noko om nivået! Vi trur ikkje det finst meir enn to-tre vaksne personar på Åheim som slær dette resultatet.

Det vart difor mange fjerde- og femteplassar for Åheimsutøvarane på dette stemnet. Og det skal ein ikkje vere misnøgd med. Det skal først og fremst vere moro å delta, og som regel var det fleire bak dei på resultatlista enn framfor dei. Likevel må det seiast at stemnet synte kva dei som legg ned god trening kan få til. Våre utøvarar står ikkje tilbake i talent, men prestasjonane til dei beste på Byrkjelo ligg det også mange timar på treningsbana bakom.

Av resultata nemner vi at det vart 7,99 sekund på Kjetil på 60 meter, og 10,13 meter i tresteg som var ei ny øving for han. Kai-Robin, som også har vore den flittigaste på trening siste to månadene, har hatt stadig framgang. No persa han til 8,29 på 60 meter (5. plass) og han klarte 2,27.28 på 800 meter (4.plass). Dette var også pers, han slo for første gong Kjetil (2,28.10), og det var ein framgang med 24 sekund frå første stemnet i Hornindal for ein månad sidan. Han synte og at diskos kn vere ei fin øving for han. Med berre ei lita trening bak seg, klarer han 24,64 meter og 4.plass.

Christian hadde altså ein tredjeplass i kule (6,92 meter) som best. Fjerdeplass på 60 meter med 10,08 var også bra, medan 3,37 meter i lengde (5.plass) nok hadde vore betre med litt treningsoppmøte siste månaden. Søster May-Brit hadde denne gongen 5. plass i debutantøvinga tresteg som sitt beste resultat (8,03 meter), medan ei god tid som 9,66 på 60 meter ga 13. plass av 18. Vi har nemnt Ida-Karita sitt lengderesultat som ga 8.plass, og ho hadde også 10,70 på 60 meter. Vidare prøvde Patrick Hellebust (8 år) seg i lag med 10-åringane. Plasseringsmessig vart det sjølvsagt tøft, men særleg 2,43 meter i lengde var bra av ein 8-åring.

Det var også andre frå vårt distrikt med i stemnet. Kennet Bergesen klarte 55,48 meter i spyd, og måtte også denne gongen sjå Knut Føleide frå Måløy føre seg. Ole Martin brudevoll (13) frå Syvde var med i tre kastøvingar og hadde gode resultat både i kule med 8,66 (7. plass) og diskos med 23,20 meter(6. plass). Tre av Gillesdalsøskena deltok, med 5,11 meter og 1.plass i lengde klasse 18/19 år til Ragnhild som best. Hildegunn dalsbø frå stadlandet vann m.a tresteg i kvinner senior og vi tar også med søstrene Bakke frå Haugen med tilknyting til Syltafjorden som mange kjenner til. Her ser vi i alle fall at Malin vann tresteg og vart nr 2 i høgde i jenter 14 år.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco