Gode prestasjonar på Dimnaleikane.

Sju utøvarar frå Åheim var laurdag 21. august med på Dimnaleikane.

- Trass i veret fekk vi fleire gode resultat på stemnet. Men regnet og vinden gjorde at kanskje dei aller beste resultata uteblei, oppsummerer Arve Hatløy i Dimna IL.

Rundt 130 deltok i Dimnaleikane, som er eit årleg friidrettsstemne arrangert av Dimna IL. Stemnet har tradisjonar tilbake til 1970-talet. I år vart det arrangert i skikkeleg ruskever.

Det beste resultatet i stemnet stod 12-åringen Karoline Vattøy Larsen for. Ho hoppa 4,54 i lengde. 16-åringen Mirjam Knutsen gjorde det også skarpt i lengde, med 5,05. Men i dette hoppet hadde ho for sterk medvind. Beste godkjende hopp vart difor på 4,94. Begge er med i Dimna IL.
- For tida har vi ei stor og god gruppe, som er samansveisa og markerer seg i alle stemne, både lokalt og nasjonalt, seier Hatløy.
Dimna IL har rundt 40 aktive i gruppa.

- Vi har aktive frå heile kommunen, og også nokre frå Myrvåg og Leikong. Bakgrunnen for dette er vel at vi har fått eit godt miljø, og gode resultat. Sist helg tok fire jenter frå Dimna IL 4.-plassen i Ungdoms-NM i 1000 meter stafett, fortel Hatløy.

Han er nøgd både med resultata i gruppa og arrangementet laurdag.
- Vi hadde godt med funksjonærar, og alt gjekk på skinner, seier han.

For Åheim sin del må vi berre underskrive på eit godt arrangement. Dimna er ein klubb som driv godt og tar idretten på alvor. Vi har opplevd at det ikkje er tilfelle over alt når det gjeld arrangement. Personleg vil eg også gje ein honnør til Åheimforeldra som i år har vore flinke til å køyre og følgje ungane sine på stemne, og som denne gongen sat i vinterklede og vart kalde i rumpa (og meir til).

For vår del gjorde som vanleg Kjetil og Kai-Robin det sterkt, med 8,03 og 8,16 på 60 meter i motvind og regn. Også Runar var godt nøgd med 4,25 meter og pers i lengde. her var det rett nok medvind. Og så var Alexander tilbake med bra resultat både i kule og lengde etter å ha hatt litt kneplager før i år. Elles prøvde Patrick og Sondre seg på stemne og gjorde det fint. Patrick er rett nok "veteran" etter å ha vore med også på Byrkjelo tidlegare i år, men kanskje ser vi her starten på to lange og gode friidrettskarrierer i Åheim IL?

Resultat:

60 meter.

Gutar 7 år:
Nr 4: Sondre Aahjem Løvold 13,60
Gutar 8 år:
Nr 4: Patrick Hellebust 12,06
Gutar 13 år:
Nr 2: Terje Aahjem 9,23
Nr 4: Runar Aahjem Løvold 9,60
Gutar 14 år:
Nr 1: Kjetil Westerås 8,09
Nr 2: Kai-Robin Hellebust 8,16

Lengde.
Gutar 7 år:
Nr 5: Sondre Aahjem Løvold 2,00 m
Gutar 8 år:
Nr 5: Patrick Hellebust 2,42 m
Gutar 12 år:
Nr 5: Alexander Hovdevik 3,55 m
Gutar 13 år:
Nr 1: Runar Aahjem Løvold 4,25 m

Kule.
Gutar 12 år: (3 kg)
Nr 3: Alexander Hovdevik 7,80 m
Gutar 13 år: (3 kg)
Nr 1: Ole Martin Brudevoll 8,74 m
Nr 2: Terje Aahjem 8,40 m
Gutar 14 år: (4 kg)
Nr 1: Kai-Robin Hellebust 9,28 m

800 meter.
Gutar 14 år:
Nr 1: Kjetil Westerås 2.32,37
Nr 2: Kai-Robin Hellebust 2.33,45

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco