Flott innsats i Ungdomsleikane.
(Foto: Grete Bj. Mo)
(Foto: Grete Bj. Mo)
Dei tre deltakarane frå Vanylven som var med i dei regionale ungdomsleikane i friidrett for 13- og 14- åringar i Trondheim sist helg, leverte ein svært god innsats, med personlege rekordar og resultat opp i mot pers i fleire av øvingane dei var uttekne i. Når vi veit at det var dei beste ungdommane frå dei seks nordlegaste fylka som stilte til dyst i Trondheim, må det seiast å vere svært bra å komme attende med plasseringar stort sett frå andre til sjetteplass. Dette bidrog til at Møre og Romsdal nest best poengmessig av fylka, og og vårt fylke vann også den avsluttande stafetten, der Kjetil imponerte med ei flott opphenting av trønderlaga på si etappe.

Stadion låg idyllisk til ved Nidelva, og stemnet starta med innmarsj av deltakarane frå kvart fylke. Etter den offisielle opninga av varaordføraren i Trondheim, var det ballongslepp og alle deltakarane fekk ein nøklering med akkrediteringskort, så det var litt ”Athen-stemning” over det. I tillegg til mange konkurransar, fekk deltakarane også utfolde seg i det store badeanlegget ”Pirbadet” laurdag kveld. Alle frå kvart fylke hadde også T-skjorte i den same fargen med fylkesnamnet på. Dette var med å skape ei lagkjensle, og sosiale aktivitetar gjorde også at ein vart betre kjend med dei ein vanlegvis konkurrerer mot.

Resultatmessig ser vi at Kai-Robin plasserte seg best, med ein andreplass i slegge. Her vart det også dobbelt til Møre og Romsdal, då Kai-Are Kristiansen frå Ørsta vann øvinga. På 60 meter vart Kjetil nummer tre, og med sine folk på dei tre første plassane, dominerte Møre og Romsdal øvinga i denne klassa. Ole-Martin treng litt trening for å få sving på spydet i forhold til dei beste, men elles ser vi at han sit att med ein tredje-, ein fjerde-, og ein femteplass i kastøvingane, noko som må seiast å vere flott gjort i dette selskapet.

Når det gjeld prestasjonar, gjorde som vanleg Kjetil ein sterk 60 meter, Ole-Martin leverte både eit godt kuleresultat og var nær teten i diskos. Kai-Robin fekk sitt beste resultat i diskos, sjølv om plasseringa i slegge var betre. Ei fin oppleving å vere med på, syntest våre utøvarar. At dei i nokre øvingar ikkje nådde opp i sitt beste, har nok med det å bruke energien rett gjennom eit langt stemne, og kanskje med rett inntak av væske og næring å gjere. Også ei læringssak der eit slikt stemne er nyttig å ta med på vegen.

Heimreisa søndag var lang etter ei aktiv helg, men med totalt 40 medaljer i bagasjen og mange nye vener gjekk bussturen fint.

Resultat

G-13 Diskos (0,75kg)

1 Jon Berg Jørgensen Singsås IL26,96
3 Ole Martin Brudevoll Syvde IL25,02

G-13 Kule (3,0kg)

1 Christian Schulz Ibestad IL11,75
5 Ole Martin Brudevoll Syvde IL 10,22

G-14 600 m
1 Simen Berg Saksvik Ranheim IL1,33,15
2 Ørjan Engen Grimstad Hareid IL1,35,81
9 Kjetil Westerås Åheim IL1,40,64

G-14 Diskos (1,0kg)
1 Fredrik Dehli Hegdal Byåsen IL43,42
5 Kai Robin Hellebust Åheim IL30,21

G-14 Kule (4,0kg)

1 Fredrik Dehli Hegdal Byåsen IL13,39
2 Marius Moen Måndalen IL11,41
11 Kai Robin Hellebust Åheim IL8,46

G-13 Slegge (3,0kg/110cm)

1 Pål Kalstad Nidelv IL28,34
4 Ole Martin Brudevoll Syvde IL17,65

G-13 Spyd (400 gr)

9 Ole Martin Brudevoll Syvde IL22,33

G-14 60 m, finale Vind: +0.5

1 Marius Moen Måndalen IL7,61
2 Vegard Jenset Øyen Eide IL7,91
3 Kjetil Westerås Åheim IL7,92

G-14 Slegge (3,0kg/110cm)

1 Kai Are Kristiansen Ørsta IL32,79
2 Kai Robin Hellebust Åheim IL23,28

 

 


G-14 Spyd (600gr)

1 Torkel Bjørnbet Selsbakk IF36,14
2 Kai Are Kristiansen Ørsta IL35,82
5 Kai Robin Hellebust Åheim IL28,79

G-14 Tresteg

6 Kjetil Westerås Åheim IL9,56

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco