Uhre Hammersvik og Lien Smenes vann 1. mailøpet

Therese Lien Smenes på veg mot mål i spurt mot Jesper Endal Jepsen.
Therese Lien Smenes på veg mot mål i spurt mot Jesper Endal Jepsen.

Det vart ungguten Vetle Uhre Hammersvik frå Førde, men med nære aner frå Selje, som avgjorde 1. mailøpet 2016 i rivande duell mot fjorårstoar Eirik Voksøy Bringvor frå Sandsøy og vann med eitt sekund. Therese Lien Smenes frå Selje vann dameklassa.

Hammersvik si vinnartid var ni sekund betre enn Kristian Nedregård hadde i fjor, og sjølv om underlaget var tørt, og lengda på løypa vil variere litt frå år til år, er det klart at dette var sterke tider.

I kvinneklassa var det også Selje-løparar som kjempa i teten. Sjølv om storesøster Wanja Lien lenge hang godt på, var det som venta Therese Lien Smenes som trekte lengste strået og tok sitt første napp i vandrepokalen. Vi nemner også sterk innsats av Karl Idar Vik frå Syvde i herreklassa, med ein tredjeplass totalt.

Elles viste som vanleg mange unge talent seg fram i dei yngre klassene, og det er berre å håpe at dei held fram og står på og trenar, så vert det enno betre til neste år. Noko skuffande var det at "søndagstrenden" slo så sterkt inn, med berre 113 løparar på startstrek. Så lavt tal har vi ikkje hatt sidan i 2011, då løpet også var på søndag. Men vi får håpe som då at det tar seg opp att.

Like fullt var det godt oppmøte, og om ikkje alle funksjonærane sin jobb vert like travle som med over 200 deltakarar, vert det lagt ned stor og flott jobb, og leiar i friidrettsgruppa nyttar høvet til å takke alle som hjelpte til. Det er så kjekt å møte velvilje og positivitet frå dei som har oppgåver, og om enkelte ting kan knirke litt, er det slikt vi rettar på til neste gong.
 Som vanleg ein ekstra takk til dei som står på heilt til slutt med rydding og vasking.

resultatliste_1_mail_pet_2016.docx

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco