1. MAILØPET 2010

IMG_7966.JPG

Løpet hadde i år 207 fullførande deltakarar. Blant dei som ikkje fekk registrert tid var stakkaren med venger som fleire gonger prøvde seg i løypa. Vi håpar likevel både ho og andre vil trene flittig og kjem attende neste år. 

Vi må sterkt beklage arrangørfeilen med løypa i senior og veteran. For å unngå eventuelle misforståingar, så ligg det sjølvsagt til underteikna som løpsleiar å sjekke løypa. Det vart som vanleg gjort nedanfor vegen, medan eg akkurat i år ikkje tok meg tid til å gå opp og sjekke bak hallen, slik eg plar gjere. I øspøs regnver fekk helller ikkje dei som merka løypa kvelden før eit løypekart med fargar, slik dei og plar få. Men slik er det. Som Kristian så fint seier det til Smp; Det har skjedd før og vil skje igjen, men vi vil gjere vårt beste for at det vert lenge til det skjer att på 1. mailøpet.  
Under ligg resultatlista i Word, der det er gitt eit halvt minutt tillegg i tida til dei som sprang rett fram grusvegen, merka med stjerne i lista. Målingar viste at det kan dreie seg om 35-40 sekund innkorting, men vi trur lista skal gje eit bra bilete.
Eg nyttar også høvet til å takke alle som hjelpte til med løpet. Særleg dei som i tillegg til vanlege funksjonæroppgåver stod att og rydda og vaska, og særskilt dei to utanom friiidrettsgruppa, som både var med og laga til, var funksjonærar og av dei siste som gjekk etter å ha vore med på rydding og hallvask. Stor takk til alle, det varmar å kjenne støtta vi har kring arrangementet.
Det er no og lagt ut bilder frå løpet i galleri under Friidrett til venstre.

resultatliste_1.mail_pet_2010.doc

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco