Uavgjort 3-3 borte mot Tjørvåg.

Les kampreferat i linken under.

Kampreferat Tjørvåg – Åheim 14.08.2010: 3-3

Laget: Sveinn Leo Bogason, Tore Høybakk, Ole Johnny Westerås, Jørn Tore Kragseth, Atli Hjaltested – Per Kenneth Hovdevik, Runar Aahjem Løvold, Sigurdur Reynisson – Terje Slagnes, Nils Svein Hansen, Torgeir Halsen.

Innbytte: Christian Thue, Magne Brobakke, Martin Stahl.

Åheim starta kampen best og pressa Tjørvåg tilbake på bana. Etter 25 og mange halvsjansar klarte Åheim endeleg å sette ballen i nota. Terje Slagnes banka ballen i mål frå 16 meter. Etter dette dabba Åheim av og slapp Tjørvåg inn i kampen igjen. Tjørvåg takka og bukka og brukte ikkje mange minutta på å sette ballen i mål. Eit lang oppspel gjekk spratt over forsvaret på grusen og Tjørvåg spissen lobba ballen over keeper. Dei scora då på sin fyrste sjanse i kampen.  Etter dette var det mykje rot frå begge lag utan at det vart skapt nokon spesielt store sjansar.

Når det var eit minutt igjen av omgangen, scora Tjørvåg nok ein gong på ein lobb. Ein lang ball vart spelt opp Åheimforsvaret feilberekna ballbana og dermed 2-1 til Tjørvåg. Tjørvåg hadde no scora på sine 2 sjansar i kampen.

Åheim bestemte seg i pause for å trykke Tjørvåg laget lengre bak på bana, noko som også fungerte. Det vart skapt ein del sjansar, men ikkje av det store slaget. Magne Brobakke vart så bytta inn på kanten og på sitt fyrste touch scora han. Han skaut frå om lag 25 meter, eit skot som keeper absolutt burde ha teke.

Åheim pressa Tjørvåg lengre bakover på bana etter denne scoringa men 3-2 scoringa kom ikkje før 5 min før slutt. Tore Høybakk var flytta fram i midtbaneleddet og kom på eit tungt løp inn i boksen som han sprang i mål.

Like etterpå fekk Tjørvåg eit utruleg billeg frispark på litt over 20 meter som skulle vise seg å bli avgjerande. Keeper Sveinn Leo Bogason ropte febrilsk på dommaren om han kunne få lov til å stille opp muren sin utan at dei skulle få ta frisparket, men dommaren som ikkje hadde forstått at vi hadde tre islendingar på laget før det var 10 min igjen forstod tydlegvis ikkje kva han sa og lot Tjørvåg ta frisparket. Sveinn måtte då springe bort i hjørnet sitt, og i all forkavelse mista han frisparket ned i beina på ein Tjørvåg spelar som sette ballen i det tomme målet. Synd for Sveinn som ellers hadde gjort ein veldig god kamp. Åheim pressa Tjørvåg bakover etter baklengsmålet men klarte ikkkje å produsere dei store sjansane. Kampen endte då 3-3, eit resultat som ut i frå sjansar og spel ikkje var rettferdig, men så er ikkje fotball alltid rettferdig heller J

Neste kamp er borte mot Sunnylven, ein kamp som må vinnast om det skal vere håp i opprykksdraumen.

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco