Sunnylven - Åheim 3-2

Sunnylven – Åheim 3-2

Sveinn Leo Bogason - Jørn Tore Kragseth, Lars Petter Bjørlykke, Ole Johnny Westerås, Atli Hjaltested – Tore HHHHJhjhssshHøybakk, Sigurdur Reynisson, Runar Aahjem Løvold – Per Kenneth Hovdevik, Nils Svein Hansen, Torgeir Halsen.

Benytta innbyttarar: Martin Stahl, Magne Brobakke, André Pedersen.

Åheim spelte i går laurdag bortekamp mot Sunnylven i Hornindal. 1.omgangen var jamnspelt der begge laga hadde sine sjansar. Åheim tok best vare på sjansane sine og leia 1-0 etter straffescoring av Per Kenneth Hovdevik.

Andre omgang fortsatte som den fyrste med sjansar til begge lag. Forskjellen var at det var Sunnylven som tok best vare på sjansane sine. Fyrst utlikna dei på eit longskot, før dei gjekk opp i ledelsen på ein døball. Eg må forresten få lov til og seie at dømminga er den verste eg har vore bort i nokon gong. I tillegg til å gi ALLE 50-50 situasjonar til Sunnylven stod han før andre omgang og snakka med Sunnylven spelarane som om en skulle tru han var en del av laget deira.

Etter dette løfta Åheim seg igjen og det var svært fortjent då utlikninga kom med Magne Brobakke 5 min før full tid. Sunnylven gjekk rett i angrep og fekk frispark i ein situasjon der Tore Høybakk nesten vart riven av shortsen! Dommaren kom forresten bort etter kampen og sa at frisparket burde vore andre veien, men det hjelp oss svært lite! I tillegg til at frisparket burde vore den andre veien scora Sunnylven på frisparket og dermed gjekk dei opp i 3-2 som også vart sluttresultatet.

Etter kampen fekk Lars Petter 2 gule kort etter munnbruk mot dommaren, noko som gjer at han må stå over i alle fall neste kamp.

Sjølv om dommaren innrømte at han var den dårligaste aktøren på bana, må ein også hugse på at det ikkje var ein god kamp frå Åheim si side heller. Med større bevegelse og meir presisjon ville Sunnylven laget vore eit lag som vi absolutt burde ha slått.

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco