Referat frå Åheim - Tjørvåg 05.05.2010

Åheim – Tjørvåg 05.05.2010

Åheim – Tjørvåg: 2-0 (2-0)

Åheim: Tormod Hvattum – Jørn Tore Kragseth, Ole Johnny Westerås, Dan Robert Warberg, Sondre Hasund – Tore Høybakk, Runar Aahjem Løvold, Per Kenneth Hovdevik, Lars Petter Bjørlykke – Nils Svein Hansen, Andrè Pedersen.

Innbytarar: Borge Berget, Christian Thue, Magne Brobakke, Pål Hellebust, Martin Stahl.

Mål: Andrè Pedersen (20 min), Andrè Pedersen (35 min).

Info:

Vi stilte ein ganske sterk tropp, sjølv om det i dag vart ein god del fråfall, noko som viser at vi har ganske god breidde i troppen. Både Torgeir Halsen, David Mertsching, Thomas Løvold, Terje Slagnes og Arni Skaftasson var i dag vekke av ulike grunnar. Slik som det ser ut no er dei aller fleste av desse tilbake til neste kamp.

Referat:

Også denne kampen vart spelt på Åheim gras, ei grasbane som bar preg av at det i det siste har blitt spelt ein del kampar der. Kampen var ein ganske jamspelt kamp, sjølv om det var Åheim som skapte dei største sjansane, blant anna ved Per Kenneth som heada rett utanfor på ein corner. Tjørvåg hadde også sine sjansar, men Tormod redda fint dei moglegheitene som kom.

Kampens fyrste mål kom etter 20 minutt ved Andrè. Det vart kasta kort i beina på Per Kenneth, som i staden for å slå tilbake til Sondre som kasta vendte opp og slo til Andrè som sto på 16 meter og plasserte ballen kontrollert og fint oppe i høgre hjørnet for keeper, 1-0 til Åheim.

Etter 35 minutt var Andrè frampå igjen. Denne gongen etter at Sondre hadde dribla av backen til Tjørvåg fint, og slo deretter eit godt innlegg som Andrè gjekk høgt opp på og stanga i nettet. Nok ein fin scoring og dermed 2-0! Tore hadde etter dette store sjansar til å sette inn både 3-0 og 4-0, men var uheldig i avslutningane sine som gjekk rett utanfor.

Andre omgang var ein omgang heilt på det jamne av begge laga, der Åheim var nærast og sette ballen i nota. Tore fekk nok ein sjanse frå litt spiss vinkel og Martin hadde ein stor moglegheit på corner rett før slutt.

Alt i alt ein litt svakare kamp ein opningskampen for Åheim sin del, men vi får ta med oss det viktigaste frå kampen, nemleg 3 poeng J

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco