Kampreferat Gjerdsvika - Åheim 0-2

Kampreferat Gjerdsvika – Åheim 0-2 (0-2)

Mål Åheim: Torgeir Halsen og Terje Slagnes.
Laget: Dan Robert Warberg – David Mertsching, Jørn Tore Kragseth, Christian Thue – Martin Stahl, Runar Aahjem Løvold, Lars Petter Bjørlykke, Sondre Hasund – Terje Slagnes, Torgeir Halsen, Magne Brobakke.
Innbytarar: Karl Martin Hellebust, Nils Svein Hansen og André Pedersen.

Åheim hadde denne gangen ein mykje smalare tropp enn vanleg, grunna konfirmasjon og skader. Heile 8 mann var vekke og deriblant begge keeperane våre, noko som førte til at Dan Robert måtte stå i mål. Nils Svein og André var med på kampen, sjølv om begge kjente på skader og vart derfor nytta så lite som mogeleg.

Åheim gjekk ut i 3-4-3 grunna mangelen på forsvarsspelarar til denne kampen. Vi gjekk ut i høgt press og prøvde å stresse Gjerdsvika spelarane til å gjere feil. Dette førte til at Åheim vann igjen ballen høgt på bana mange gongar, som igjen førte til målsjansar og mål. Christian Thue vann ballen på midten og slo i bakrom til Torgeir Halsen, som sprang i frå Gjerdsvika forsvaret og sette inn 1-0 kaldt nede i hjørnet med venstre foten.

Åheim fortsette å skape sjansar utan at det vart uttelling, men når den gode dommaren Arild Holm peika på straffemerket, stilte Terje seg opp og sette straffa kaldt og roleg nede i venstre hjørnet. Straffa kom etter ein duell i feltet der Gjerdsvika forsvararen berre gjekk i duellen med Torgeir utan å sjå på ballen i det heile teke. Gjerdsvika spelarane protesterte heftig, men straffa var klar.

Etter dette vart det ein nesten kamp for Åheim med mange brente sjansar. Gjerdsvika fekk også nokre få sjansar, men som oftast vart det ikkje problem for Dan Robert som stod bakarst i buret.

Elles kan eg ta med at Torgeir nok ein gong vart takla hardt av Gjerdsvika spelarane. Også i dag måtte han gå av bana med ein ispose på leggen, noko han også har gjort dei to føregåande bortemøta mot Gjerdsvika. På frisparket som vi fekk i situasjonen, skaut Lars Petter slik at ballen for i tverrliggaren og ned i mål, men keeperen fekk kasta seg opp på ballen slik at dommaren ikkje såg om ballen var inne eller ikkje. Dermed endte kampen 2-0 til Åheim.

Neste kamp for Åheim er allereie onsdag 19. mai kl.18.30 borte mot Sæbø. Ta gjerne turen om du har tid!

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco