Kampreferat Åheim - Sæbø

Åheim – Sæbø

Sveinn Leo Bogason – Tore Høybakk, Dan Robert Warberg, Ole Johnny Westerås, Christian Thue – Magne Brobakke, Sigurdur Reynisson, Runar Aahjem Løvold – Torgeir Halsen, Andre Pedersen, Atli Hjaltested.

Innbytte: Martin Stahl, Pål Hellebust, Kai Jonny Venøy.

Åheim spelte laurdag 9.4 heimekamp mot Sæbø. Åheim opna kampen best og hadde ballen stort sett heile tida. Sæbø låg lavt og prøvde å lage lite rom. Dette lykkast dei med ei god periode heilt til Åheim klarte å sette større bevegelse både i ballen og løpa. Dette førte til fleire gode sjansar, men som dessverre ikkje vart sett i mål. Den største sjansen fekk Torgeir Halsen på straffespark. Straffa kom etter at Torgeir vart felt av keeper, ein situasjon som burde resultert i raudt kort til keeperen. Dommaren valte og ”berre” dømme straffe. Straffa tok Torgeir sjølv, men var uheldig å sette den i stolpen og ut.

Åheim fortsatte å presse, og Torgeir skulle snart få utteling på sjansane sine. Han finta seg forbi både forsvaret og keeperen, og sette ballen kalt og rolig i det tomme buret frå skrått hold. Ikkje lenge var han igjen på farten og etter å ha finta ut midtstopparen til Sæbø banka han ballen hardt oppe i det venstre hjørnet.  Andre Pedersen hadde også eit par store sjansar, men resultatet vart ”berre” 2-0 til pause.

Sæbø som ikkje hadde produsert ein einaste målsjanse i fyrste omgang, kom betre med i kampen i andre omgang og skapte etterkvart eit par store målsjansar på døball. Fordi Sæbø hadde ein del sterke duellspelarar, brukte dei god tid på døballsituasjonane og slo langt inn mot Åheim målet. Målet til Sæbø kom etter at Åheim ikkje klarte å klarere ballen skikkeleg etter ein corner og ballen vart spelt inn i feltet igjen der ein Sæbø spelar fekk stå umarkert og breiside ballen i mål.

Åheim kom meir med i kampen etter kvart og skapte ein del store sjansar som ikkje resulterte i mål. 5 min før slutt kom derimot målet til Åheim. Atli Hjaltested utfordra backen til Sæbø, spelte fint ut til Torgeir som gjekk på løp, Torgeir tok med seg ballen innover i bana og slo ballen lavt mot bakerste stolpe der Martin Stahl breisida ballen fint i mål. Eit flott angrep som var ei fin avslutning på kampen.

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco