Hasundgot - Åheim 2-3

Hasundgot-Åheim 2-3 (1-2)
Mål Åheim: Torgeir Halsen, Nils-Svein Hansen, Andre Pedersen(str.)

Formasjon 4-4-2
Startoppstilling:
I mål: Adrian Lyngvær
Forsvar: Ole- Jonny Westerås, Jørn-Tore Kragseth, Dan Robert Warberg og Tore Høybakk
Midtbane: Runar Løvold, Torgeir Halsen, Per-Kenneth Hovdevik og Nils-Svein Hansen.
Angrep: Martin Ekremsæter og Andre Pedersen.

Innbytte: Terje Slagnes, Pål Hellebust, Martin Stahl, Christian Thue og Thomas Løvold

Kampen:
Åheim reiste til Ulsteinvik vel vitande om at dei måtte vinne denne kampen visst dei skulle henge med i opprykkstriden. Åheim reiste med et sterkt mannskap, og det viser seg at trenarane begynner å få et luksusproblem etterkvart, med tanke på valg av spelarar og kven som skal starte. Men det er berre positivt.
Hasundgot stilte med et sterkt lag denne kampen, og det går rykte om at dei har fått forsterkningar.

Hasundgot starta kampen friskast og hadde nokre få halvsjangsar tidlig i kampen. Men Åheim trengde berre en sjangse, eit perfekt innlegg foran mål av Dan-Robert Warberg, og eit nådeløst hodestøt i lengste hjørne av Torgeir Halsen gjorde at Åheim tok ledelsen tidlig. 0-1.

Etter målet virka det som Åheim vakna og kom la et enormt press på Hasundgot som hadde meir enn nok med å forsvare seg. Martin Ekremsæter dribla fint av eit par mann før han runda keeper, og skulle sette ballen i det opne målet, vart det litt for svakt skudd og ein forsvarspelar fekk akkurat klarert til corner før ballen gjekk i mål.
Men ikkje lenge etterpå fekk Åheim utelling, eit nytt inlegg, der Torgeir Halsen heada ballen framover mot Nils-Svein som igjen heada ballen forbi keeperen og i mål, 0-2.

Etter dette kom Hasundgot meir med i kampen og starta ein offansiv mot åheim målet. Dei var farlig frampå fleire gongar, bla ei heading i tverrleggaren, og redning på strek. Men rett før pause fekk dei hål på byllen, etter dårlig avklarering fekk ein hasundgot spelar stå åleine og pirke ballen so vidt i mål, adrian redda men ballen var sovidt over streken og dommaren godkjende målet.
Godt forsvarspel og ein god keeper gjorde at åheim kunne ta pause med leiinga 1-2 .

Etter pause var det Åheim som opna best, og helt i starten fekk åheim straffe etter at Andre Pedersen vart klart felt innafor 16m streken. Straffa den tok han sjølv, og sette den hardt og kontant i krysset til venstre for keeper. 1-3.
Åheim måtte gjer noken endringar, og sette Martin Ekremsæter på sentralt meda Thomas Løvold kom inn og tok høgre flanken. Per - Kenneth Hovdevik tok midtstoppar plass, medan Pål Hellebust tok offansiv midtbane, og Terje Slagnes kom inn som spiss 10 min ut i 2 omgang.
Det gjorde seg med friske bein, og innbyttarane markerte seg fort, Terje Slagnes var farleg frampå nokre gongar, men eine skotet gjekk såvidt over, og det andre like utafor. Martin Ekremsæter kombinerte fint med Thomas på høgresida, og Martin sendte avgårde et skot som sneia stolpen, uflaks at åheim ikkje punkterte kampen på dette stadiet.
Men når Åheim pressar på framover, blir det rom bakover, og et kvarter før slutt fekk Hasungot det målet dei trengde og reduserte til 2-3. Det gjorde at dei fekk "blod på tann" og pressa åheim hardt mot slutten av kampen. Men Åheim lot seg ikkje knekke, og alle kjempa tappert til "krampa tok dei" (Runar Løvold). Åheim holdt ut til dommaren bles av kampen, og lettelsen var stor. Dermed hadde åheim sikra seg 3 nye poeng i ein tøff bortekamp mot Hasundgot.

Konklusjon: Åheim tok 3 livsviktige poeng idag, og vann fortjent i ein tøff bortekamp. Åheim hadde dei fleste sjangsane og skapte mest på kunstgras bana i ulsteinvik.
Dermed steik Åheim opp til delt 1.plass med hareid2 som har ein kamp mindre spelt, og sidan Tjørvåg slo Flø så ligg dei bere 1 poeng bak oss med 1 kamp mindre spelt.
Så det er jamnt i toppen, og neste kamp møter Åheim Gjerdsvika framme på Løvold, ein kamp som Åheim skal vinne utan noken store problem. Så vi gleder oss!

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco