Hareid 2 - Åheim 2-4!

 

Hareid 2 – Åheim 2-4 (2-3)

Åheim: Sveinn Leo Bogason, Jørn Tore Kragseth, Dan Robert Warberg, Ole Johnny Westerås, Christian Thue – Sigurdur Reynisson, Runar Aahjem Løvold, Tore Høybakk – André Pedersen, Torgeir Halsen, Lars Petter Bjørlykke.

Mål Åheim: André Pedersen 2, Torgeir Halsen og eitt sjølvmål.

Åheim reiste søndag morgon til Hareid for å spele kamp mot Hareid 2 som då låg på 2.plass, 2 poeng føre Åheim. Dette var altså ein kamp som Åheim absolutt burde vinne om det ikkje skulle bli luke opp til Hareid 2 og Hovdebygda.

Kampen opna jamt, men med eit visst overtak til Åheim. Sjølv om det var Åheim som hadde dei fleste angrepa, var det Hareid 2 som fyrst tok ledelsen etter eit flott slått frispark som vart skrudd over muren og i krysset. Åheim gjekk rett i angrep og fekk corner. Corneren vart skrudd inn mot det farlege område framfor keeper og der kom André Pedersen og stanga ballen i nettet. Etter dette bølga kampen fram og tilbake, der ingen av laga skapte store sjansar.

Litt ut i omgangen skulle Hareid 2 nok ein gong gå opp i ledelsen. Keeper Sveinn Leo Bogason gjorde ein god inngripen på den fyrste avslutninga til Hareid, men returen var dei også fyrst på og dermed gjekk dei opp i 2-1. Eit mål som kunne vore avverga med eit litt meir konsentrert Åheimforsvar. Som etter det fyrste målet gjekk det ikkje lenge før Åheim utlikna igjen, men denne gongen på ein meir heldig måte. Ein lang ball vart slått i bakrom som gjorde at hareidspelarane måtte springe mot eige mål med Torgeir Halsen jaktande i helane. Ein hareidspelar var fyrst på ballen, men klareringa gjekk høgt opp i lufta og mot eige mål. Ballen dala så rett ned mot målet, og i staden for at keeper plukka ned ballen med henda, prøvde han å heade ballen ut, men heade ballen i stedet i eige mål, og dermed 2-2. Her kunne nok keeper teke ballen med henda utan at det skulle vere noken grunn til å dømme tilbakespel.

Rett før dommaren blåste av fyrste omgang var Torgeir Halsen nok ein gong på løp i bakrommet til Hareid 2. Denne gongen var han fyrst på ballen og fekk kontroll. Han sette då fart og frå litt skrått hold sette ballen kalt og rolig nede i det høgre hjørnet. Ei viktig 3-2 scoring som gjorde at Åheim kunne gå til pause med ein knapp ledelse.

Andre omgang fortsette slik som den fyrste omgangen, med to jamne lag. Åheim fekk i denne perioden mange gunstige brudd på midtbana, noko som etterkvart også førte til mål. Tore Høybakk jobba steinhardt på midtbana, vann igjen ein ball og spelte den vidare til André Pedersen som gjekk på løp mellom midstopparane til Hareid 2. Han tok den fint med seg på det fyrste touchet, før han banka ballen inn i det venstre hjørnet. Ei flott scoring som kom etter godt duellspel, og gode løp.

Etter dette satsa Hareid 2 meir offensivt, noko som førte at Åheim vart trykt lengra bakover på bana. Åheim jobba iherdig og Hareid 2 kom ikkje til dei store sjansane før det var 5 min igjen av kampen. Då fekk dei eit innlegg, som var heada rett utanfor frå kort hald. Kampen enda då med ein 4-2 siger for Åheim, noko som var svært viktig. Eg kan også nemne at Hovdebygda avga poeng borte mot Kvamsøy/ÅVK 2, som gjer at Åheim har sjanse til å knappe enda meir innpå Hovdebygda med siger i dei to siste kampane før ferien.

Heile laget gjorde ein solid innsats denne kampen, men ekstra ros vil eg gje keeper Sveinn Leo Bogason. Han gjorde mange gode redningar, var aktiv i feltet og kommuniserte godt med både forsvaret og midtbana, noko som er svært viktig for å gi tryggheit i det defansive arbeidet.

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco