Åheim - Gjerdsvika 7 - 2!

Åheim - Gjerdsvika 7-2 (3-0)
Mål Åheim: Torgeir Halsen 3, Andrè Pedersen 2, Nils Svein Hansen, Martin Ekremsæter

Formasjon: 4-4-2
STARTOPPSTILLING:
Keeper: Adrian Lyngvær
Forsvar: Ole Jonny Westerås, Jørn-Tore Kragseth, Tore Høybakk, Øystein Kriken
Midtbane: Per Kenneth Hovdevik, Runar Aahjem Løvold, Torgeir Halsen, Nils Svein Hansen
Angrep: Andrè Pedersen, Martin Ekremsæter

Innbytte: Christian Thue, Borge Berget, Martin Stahl, Karl Martin Hellebust.

KAMPEN:
1. omg starta tamt. Lite skjedde for det var gått 10 minutt. Andrè Pedersen blei spelt fram, og dribla av en motspelar og sette ballen inn til 1-0 for Åheim. 5 minutt seinare sto Torgeir Halsen klar for å ta et frispark frå 25 meter. Frekt og freidig la han denne lavt til høgre fr muren og ut til Martin Ekremsæter som la inn hardt foran mål. Ingen fekk sett ballen i mål, men smart variant.
18 min var spelt når Åheim fekk corner. Martin la inn, og Torgeir Halsen heada like utanfor. Enorm sjangse. 3 minutt seinare fekk Runar en sjangs på et haudestøt, men var dytta i ryggen, og avslutninga blei mislykka.

24 min var spelt når ein ny corner blei slått på samme måte, men denne gangen fra motsatt side. Nok en gang var Torgeir oppe og heada, men heada denne gongen inn i feltet igjen til Nils Svein som sette ballen kontant inn til 2-0.

26. min: Stor sjangse til Åheim igjen. Langt innkast blir stussa bak i feltet, og Torgeir får avslutta fra ca 11 meter. Knallhardt i tverrliggar og ut igjen.

27. min: 3-0! Flott spelt mellom Martin og Andrè. Martin kjem åleine mot keeper, gjer ingen feil, og dermed 3-0 til Åheim før halvtimen var spelt.

37. min: Avslutning fra Torgeir. Ballen går like utanfor målet til Gjerdsvika sin keeper.

PAUSE.

2. omgang starta litt tamt slik som den første. Åheim fekk ikkje til stort, men det fekk ikkje Gjerdsvika heller. Etter 54 min fekk Martin en stor sjangse som han sette utanfor på volley.

55. min: Gjerdsvika fekk sin første sjangse i kampen. Langskudd, som Adrian får redda til corner.

61. min: Frispark til Åheim fra 25 meter. Torgeir Halsen tek fart, og skyt med rista, hardt og lavt i lengste hjørnet. 4-0!!

62. min: Ny sjangse for Gjerdsvika. Stolpen ut. I det påfølgande angrepet kjem Torgeir åleine mot keeper, men set ballen rett på han.

63. min: Nytt flott angrep på Åheim si høgre side. Ballen blir rulla fint opp, og endar hos Martin, som legg ballen hardt innfor mål. Der står ingen andre enn Torgeir Halsen og skårar sitt 2. mål på 3 minutt.

64. min: Sjangse for Martin. Like utanfor mål.

65. min: Skåring til bortelaget. 5-1 etter et frispark fra venstre kanten, som går høgt i lengste hjørnet.

71. min: Innlegg igjen fra Martin til Torgeir. Heading over.

72. min: 6-1! Martin legg nok en go corner, som Torgeir headar i mål. Hattrick fra Åheims spydspiss.

83.min: Flott hælspark fra Karl-Martin Hellebust, aka Kalle. bak han kjem Borge Berget, som avsluttar, men rett på keeper. Flott kombinasjon av innbyttarane.

85. min: Nok ei redusering. 6-2 etter en corner som går direkte i mål!

86. min: Andrè Pedersen får komme innpå igjen etter nokre minutt ute på benken. Han takkar for ny tillit og brukar bere 1 minutt på å sette ballen i mål og skåre sitt andre for kvelden. 7-2 på ei skåring som burde vært avblåst for offside.

89. min: Frispark fra Runar på kanten av 16.meteren. Ballen går med en fin skru mot lengste kryss, men treff tverrliggaren og sprett ut igjen, og Gjerdsvika får avklart.

SLUTT. 7-2 til Åheim.

Oppsummering: Åheim var det klart beste laget her i dag, sjølv om kampen blei spelt på nøytral bane på Stadtlandet KGB. Åheim skapte mykje sjangsar, og kunne med litt meir effektivitet gjerne skåra et tosifra antall mål idag. Bakover var vi rimelig solide, og måla vi får i mot er merkelige mål som ikkje bør skje. Åheim tar no en 14. dagers pause før vi skal møte Gursken/Larsen borte. Dette blir "Kampen om opprykk". Takkar og alle som møtte opp idag for å komme å støtte laget. Kjekt å sjå at folk kjem å ser på sjølv om vi ikkje spelte kampen på Løvold.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco