Åheim - Bergsøy 2 6-0!

Åheim – Bergsøy 2: 6-0 (3-0)

Åheim: Sveinn Leo Bogason, Christian Thue, Jørn Tore Kragseth, Ole Johnny Westerås, Sondre Hasund – Per Kennet Hovdevik, Runar Aahjem Løvold, Sigurdur Reynisson – André Pedersen, Torgeir Halsen, Thomas Stahl Løvold.

Innbytarar: Martin Stahl, Magne Brobakke, Dan Robert Warberg, Borge Berget, Nils Svein Hansen, Tore Høybakk, Kai Jonny Thue Venøy.

Åheim var ute etter å heve seg etter tapet mot Hovdebygda for to veker sidan, eit tap som kom av manglande duellspel. I det siste har det blitt trena mykje på å bli tøffare i duellspelet, noko som også kom fram gjennom heile kampen mot Bergsøy 2. Allereie frå starten av hadde Åheim eit stort overtak og pressa Bergsøy 2 bakover på bana. Dei fekk lite tid med ballen og gjorde mange feil.

1-0 kom ved Torgeir Halsen. Etter eit fint angrep fekk han ballen inne i 16-meteren, vendte opp og skaut mellom beina på forsvararen og ned i høgre hjørnet for keeper. Ei flott scoring som kom allereie før minuttet var passert!

Etter eit flott angrep kom også 2-0 scoringa. Thomas Løvold vart spelt ut på kanten og skar innover i bana. Han la flatt inn framfor mål, der André Pedersen kom på eit enormt løp frå eigen banehalvdel og fekk sklidd ballen i mål i duell med ein midstoppar. Ei flott kontring der mange mann gjekk i angrep.

Sjølv om kampen gjamna seg ut litt etter kvart, var det fortsatt var Åheim som hadde overtaket. 3-0 scoringa var ganske lik 2-0 scoringa. Thomas fekk ballen nok ein gong ute på kanten, gjekk forbi ein forsvarar og i staden for å slå 45 grader ut, skaut han frå skrott hold via keeper og i mål. 3-0 var også pauseresultatet. Det kan også nemnast at Åheim burde hatt straffe etter ei felling av André Pedersen, noko som også skulle ha ført til rødt kort på ein Bergsøy 2 spelar.

I andre omgang gjekk Åheim ut med eit høgt press og eit mål om å score det fyrste målet og dermed punktere kampen. Dette skjedde allereie etter få minutt av 2.omgang. Sondre Hasund slo ein god corner, som vart sett kontant i mål av André Pedersen og dermed 4-0. Etter dette gjorde Åheim mange bytter og fekk dermed innpå friske bein, noko som gjorde godt på den tunge våte grasbana. Åheim fortsatte å køyre på og 5-0 målet kom etter det eg vil seie var dagens angrep. Jørn Tore som var flytta ut på backen forserte fram på høgresida, spelte vegg med Per Kenneth Hovdevik, tok med seg ballen på fyrste touchen forbi forsvararen og la inn hardt og lavt framfor mål. Der kom Nils Svein Hansen og sklei ballen i mål.

Etter dette kom Bergsøy 2 meir med i kampen og skapte eit par store sjansar, men som ikkje førte til mål. I staden scora Åheim nok eit mål. Torgeir Halsen spelte vegg med Nils Svein Hansen og kom derfor aleine med keeper litt skrått på målet og skaut med venstrefoten utagbart nede i det høgre hjørnet og dermed 6-0 som også vart sluttresultatet. Torgeir Halsen hadde også eit par andre store sjansar som han ergra seg over å ikkje sette i mål.

Kampen var årsbeste av Åheim, med god kommunikasjon, god bevegelse og ikkje minst godt duellspel. Om Åheim fortsetter å spele slik blir det mange poeng utover i sesongen. Neste helg er det bortekamp mot Hareid 2, og om Åheim kjem med den same instillinga til denne kampen, er det stor sjanse for poeng her også.

Runar Aahjem Løvold.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco