A-laget: Endeleg seriestart

Ja, så er vi gang i gjeng. Vi skal spele første seriekampen.
Denne gangen skal vi til Høddvoll si flotte kunstgrassbane, og spele
mot Flø. Ingen lett oppgåve. Flø har vært i toppen av 6 divisjon lenge,
og har vært nær opprykk ofte. Ein god stall, med nye spelera frå Hødd jr i fjor er kommet til, MEN vi reiser til Ulsteinvik for å ta med oss tre poeng heim, ingen skal tvile på det.

 

 

Vi har trena greit igjennom vinteren, men vi har kun hatt ei felles trening kvar veke, så samspelt vil være så som så første kampane, men vi er i gang. Vi har også ein gong i veka hatt samtrening med Åram/VanKam, men treningsframøte har vært litt varierande, men på sikt er det helt klart at dette er vegen å gå, vi må samarbeide for å overleve, dette gjeld både ÅVK og ÅIL. Ole Theodor og Ole Per har hatt gode treningar, under stort sett gode forhold på Åram. Vi har også hatt to gruppetreningar i lag med ÅVK i veka, noko som har vært positivt, spesielt ”ulsteinvikarane” har vært flittige.

Men no er det altso seriestart. Vikebladet/Vestposten tippa oss på ein 4 plass, greit nok, men vi satser på å være med å kjempe om opprykk.
Janteloven gjelder ikkje for oss no. Vi rykte ned i fjor, har ikkje mist nokon, og dermed har vi ein god stall i 6 divisjon. Vi har mange spelera med god rutine, sjølv om dei er unge. Elling, Kai Jonny og Henning har også signert for ÅVK, og kjem helt sikkert til å spele masse der, men vi håper dei blir med oss dei fleste kampane i tillegg.

Den største ”malurten” i begeret er fortsatt keeperplassen. Vi har rett og slett knapt hatt keeper på trening, sjølv om Aleksander Hovdevik har vært med oss mange treningar, men tross alt kan vi ikkje spele med ein 13 åring. Men Aleksander skal ha all ære for å stille opp på trening, og vi blir ofte målause (ja det går ann) når han reddar umulige ballar.
Men vi håper at vi stiller med gode keepera på alle kamper også i år.
I utgangspunktet skal Geir Berge eller Ottar Inge Rusten stå for oss, litt varierande ken så står for ÅVK. Men vi håper også at Tor Moltumyr blir med oss masse. Han sto i mål mot Selje (3-3), og som vanleg var han glimrande. Tormod Hvattum (50 år 7 juli) er også høyaktuell, han viser fortsatt gode takter og kjem helt sikkert til å stå for ÅIL også i 2005. Tormod var den keeperen som sto mest for ÅIL i fjor.
I bagrunnen er også ein annen rutinert spelar, nemleg Oddvin Kragseth, han sto litt mot Selje og ein omgang mot Larsnes/Gursken, og ja, han kan også stå i mål.

Vi har ein fin gjeng, godt humør og lett tone, gjær det kjekt å gå på trening. Spesielt vi eg framheve Henning som alltid har ein god replikk på lager, og er fortsatt særs viktig for laget også i år. Blir han toppskårar??
Vi får håpe at kallenamnet ”Strachan” ikkje slår til i heile sesongen.
Håper også i år at mange vil ta turen til Løvold for å sjå oss. Vi skal gjære vårt beste i alle kampar, det lover eg. Skal holde dere oppdatert med jamne mellom rom på nettsida og håper at vi får ei fin ”bølge” framøve.

TVI TVI

Svein Ekrem
svein@player.no

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco