Skriv ut

Ole-Johnny Westerås til Island?

36 gutar og jenter frå heile fylket vil i vinterferien igjen ta turen til Island for å spele fotball og kanskje eit lite bad i den Blå Lagune.
<EM>36 gutar og jenter frå heile fylket vil i vinterferien igjen ta turen til Island for å spele fotball og kanskje eit lite bad i den Blå Lagune.</EM>
Kretsane i Møre og Romsdal har no nominert 52 spelarar som blir med på to treningssamlingar rett etter nyttår. Etter desse samlingane skal troppene reduserast til 18 gutar og 18 jenter som i vinterferien, 12.- 17. februar, skal representere Team Møre på Island. Dei andre er heimeverande reservar, som på kort varsel må vere forberedt på å reise. Vi kjem tilbake til tidspunkt for treningssamlingane.

Troppene vart teke ut etter bylagsturneringen i Sunnmørshallen sist helg, og bylagskampane i haust. Gutane er 24 utespelarar og 3 keeprar, mens jentene er 22 utespelarar og 3 keeprar.(Kjelde: www.fotball.no

Ole-Johnny er altså ein av dei 24 utvalte gutane, ein kjempeprestasjon. Lykke til med treningssamlinga rett over nyttår.

jr