A-laget: Tapte i sluttminutta mot Tjørvåg.

Tjørvåg - Åheim 4-2 (1-1)
Tjørvåg Stadion
Mål Åheim: Henning Hansen, Tore Høybakk

NESTEN 3-3 TIL ÅHEIM PÅ OVERTID, MEN DENNE GANGEN VART LAGET LITT FOR LETT Å TAPTE 4-2 I SLUTTMINUTTA. ÅHEIM HADDE EIN HELT NY FORSVAR DENNE KAMPEN, OG VI VART LITT LETTE MOT EIT GODT KJEMPANE TJØRVÅG LAG.

 

På grunn av skader, jobb og eksamen var det eit litt redusert tropp som for til Tjørvåg mandagskvelden. Som i dei siste kampane måtte vi ta gjære stor forandringer mellom kampane, noko som ikkje er gunstig. Spesielt var det i forsvar som vi måtte gjære ”grep” den gangen.

Kampen starta jamnt og ingen av laga fekk store sjanser i oppningminutta. Kampen var spelt på ei tørr grussbane i ca 30 grader, noko som gjor forholda vanskelege.
Kampen første sjanse fekk Åheim etter eit langt innkast frå Terje, som PK nesten sette inn etter 10 miniutt. Som sagt var kampen jamn, derfor var det litt surt at Tjørvåg gjekk opp 1-0 etter 22 minutt. Forsvaret kom litt ubalanse, og Jarl Åge Vågsholm skåra sikkert.

Men Åheim ga abselutt ikkje opp, og styrete banespelet meir og meir ut over omgangen,
Og det var helt fortjent at Henning ga 1-1 på overtid etter lang skudd på 20 meter.
Og som ikkje det var nok, Kent-Ove hadde ein ”110%”snanse på overtid, som burde ha gitt 1-2 til Åheim.

Men rett etter pause var Åheim våkne igjen. PK legger eit frispark. Kai-Robin stusser og Tore står på bakerste og setter ballen sikkert i mål, eit glimrande utført trekk frå Åheim,
Det går rykter om at det er innøvd på siste fredagstreninga.

Åheim vart no litt overivrige etter å sette fleire, så dessverre kom Tjørvåg raskt med igjen i kampen. Forsvaret er igjen ikkje helt samkjørt og 2-2 er resultatet.

Kampen er fortsatt jamn, men dessverre er Tjørvåg meir effektive ein oss på sjansane sine, og etter 30 minutt setter dei 3-2 Alf Kristian blir litt for sein på ei utrustning og Tjørvåg kan sette ballen sikkert i mål. Alf Kristian som gjor ein god kamp mot Tjørvåg, var dessverre et lite sekund for sein der.

Men Åheim presser skikkelig siste kvarteret. Og burde og skal få 3-3 etterkvart,
Men ballen vil ikkje forbi ein god Tjørvåg keeper.
På overtid får Åheim frispark i god posisjon, og er bare milimetere frå 3-3, men i staden går Tjørvåg rett i angrep og får 4-2 etter at Åheim he sendt opp stort sett heile troppen. Åheim burde fått 3-3, men slik er det no av og til i fotball.

Kampen ebber ut med 4.2 til heimelaget.

Konklusjon:
Men Øyvind i Norsjøen og ingen disponible frå ÅVK, måtte PK igjen vikariere som stopper. Det fungere isolert bra det, men dessverre så reduserer dette midtbane leddet vårt, spesielt i duellspell. Det blir heller ikkje bedre då Torgeir må gå ut pg.a skader midtveis i 2 omg og Tore også må bak i forsvaret. Då blir midtbana vår urutinert, og vi taper dei duellane vi normalt vinner. Men vi viser delvis at vi kan spele god fotball denne kampen og, sjølv om det kan være litt planlaust til tider. Men vi skal tenke på at vi speler med mange unge, urutinerte spelera så må få tid.

Dagen Åheimar denne kampen var unge Karl-Martin Hellebust på backen. Kalle viser ein innsats som mange bør ta lærdom av.

Dagen ”guts” situasjon viser Kai Jonny Vennøy som redder eit Tjøvåg mål med å slenge seg mot stolpen og redde i siste liten, ikkje mange hadde ofra liv og lemmer slik..:)


Åheim: Alf Kristian Verget, Karl-Martin Hellebust, Per Kenneth Hovdevik, Torgeir Halsen, Pål Hellebust, Lars Petter Bjørlykke, Tore Høybakk, Jørgen Sundal, Terje Slagnes, Kent-Ove Kragset Sylte og Henning Olav Hansen.

Innbytte: Kai Robin Hellebust, Kai Jonny Venøy og Håvard Aahjem Løvold

sre

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco