Tor ”DEN STORE” redda et poeng for Åheim mot Skodje

tor_den_store_redda_et_poeng.jpg

Etter denne kampen forstår vi kvifor Tor heiter Tor,- Han spela nemlig som ein GUD og ingen av dei andre spelarane på bana var i nærheita av prestasjonane hans i dag. ”prikken over i-en” ville være og ta returen på straffa som han meisterlig redda. Dette gikk imidlertid ikkje derfor blei det poengdeling på Løvoll i dag…

Det blei uavgjort 1-1 mot Skodje i serieopninga laurdag 24.04.2004 Åheim kom godt i gang og leda allereie etter 2 minutt. MÅLET: Utspel frå Tor der Åheim kjempar og vinn ballen på eigen banehalvdel, ballen blir til etterkvart slegen til Jørgen Sundal som møter ballen meisterlig og slår ein genial ball til spisskollega Terje Slagnes, KABAMB med venstra frå 10 meter. 1-0 meisterlig løp og god bevegelser.

Dei fyste 20 minutta i 1. omgang varta Åheim opp med ”gallafotball” gode bevegelsar , spel på flankane og fine tekniske detaljar. Det unge laget såg ut til å ikkje ha respekt for det meir rutinerte Skodje laget. I tillegg til Tor synest vi at unge Kai Venøy gjorde ein god kamp. Per Kennet hadde også ein god 1.omgang. Øyvind Bakkebø er alltid god det er opplest og vedtatt.

I slutten på 1. omgang og resten av kampen utvikla seg til ein forsvarskamp, Åheim blir pressa for langt ned og greier ikkje å være presise og offensive nok når vi vinn ballen tilbake. Vi maktar ikkje å skape målsjanse i serlig grad. Og her blir eit ”tomrom” mellom forsvar og angrip som ein ikkje maktar og følgje opp. UTLIKNINGA: Kjem når her står igjen 20 minutt av kampen. Ein Skodjespelar (skodespelar?) dett svert lett i straffefeltet og dommar Arne Per Andersen dømmer straffe. Skodjes Trond Ytreberg skyt hardt og lavt for Tor si høgre side ”lynet” Tor er redda i første omgang, før returen blir satt i mål av Sjodjes Lodve Rune Beite.
Kampen ebbar etter kvart ut Åheim har et par spede forsøk mot slutten av kampen. Når det står igjen 5 minutt er Cristian Bakkelid aleine igjennom, men der står altså ein av sunnmøres beste keeperar i dag TOR MOULTUMYR. Og merk dokke dette alle unge spelarar: Tor fintar og opna luke til spelaren på si favorittside, som lynet er han nede når skuddet kjem.

Poeng:
Tor Moltumyr 3 poeng
Kai Venøy 2 poeng
Øyvind Bakkebø 1 poeng

Åheim sitt lag mot Skodje

1. Tor Moltumyr
14. Odd Arne Kragseth
18. Freddy Lyngvær
20. Øyvind Bakkebø
3. Torgeir Halsen
17. Torgeir Hellebust
2. Olav Øverlie
7. Per Kenneth Hovdevik
19. Kai Jonny Venøy
9. Jørgen Sundal
11. Terje Slagnes
8. Odd Steinar Husevåg
5. Lars Inge Flister
16. Elling Flister
10. Nils Svein Hansen
15. Joacim Åsebø
4. Marius Ekremsæter


ref Jermund ;P

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco