Sundal med hatrick når A-laget slo Vartdal

Viktig seier for A-laget mot Vartdal

Åheim - Vartdal 4 - 1 (2 - 1)
Åheim Stadion
Dommer: Magne Johnny Krumsvik, Volda
Mål Åheim: Kai Johnny Venøy, Jørgen Sundal 3
Gult kot Åheim: Per-Kenneth Hovdevik

Åheim tok tre livsviktige poeng mot Vartdal, onsdags kvelden.
Åheim som ikkje he vunne sida mai, har no plutseleg ein reel sjans til å stå i divisjonen.

Men Åheim begynte falmande i kampen. Vartdal pressa Åheim langt tilbake dei første
10 minutta, og burde ha ledet med minst 1 mål i denne perioden. Det var ikkje så mange som
snakka om stor Åheim seier då. Forsvaret + keeper spelte godt og avverka alle angrep. Men Åheim kom seg ut av den dårlige starten, og kom gradvis meir og meir inn kampen. Vi begynte å skape sjanser framover på banen, og etter 15 minutt låg ballen i nota. Åheim fekk corner og Kai Jonny Venøy skåra sikkert. Og unge Venøy hadde ein særs god dag på stadion i går. Var høgt og lavt og var nesten ei heil mitbane aleine.

Kampen forsatte å være jamn også utover omgangen. Ingen kunne ha sagt noko om Vartdal hadde utlikna, men spissane til Ørsta-laget hadde ingen god kamp, og takk for det.
Åheim gjekk opp i 2-0. Et flott angrep der Lasse slår til Terje som rykker inn 16-meteren og skyter. Keeper gir retur og Jørgen Sundal er oppe å skårer.
Både Terje og Jørgen hadde en del sjanser i omgangen. Mange skaper dei også sjølve, med å hente ballen på midtbanen, forsetter dei slik blir det fleire viktige måt utover sesongen.

Men ikkje lenge etter 2-0 målet får Vartdal ei fortjent utlikning. For ein gang skyld er det mange i forsvaret som feiler, og målet ser ut til å være en smule unødvendig frå sidelinja.

2 omgange:

Åheim forsette å være det beste laget i 2 omgang. Men vi har heile tida ei usikker følelse om vi også denne gongen skal gå skuffa heim. Vi har nokre halvsjanser før Jørgen Sundal finner ut at han skal begynne å skåre for fullt. Sundal som ikkje har hatt så mange nettkjenninger tildligere i år, skårer to i siste del av omgangen. Spesielt siste vil gå inn i historiebøkene som et av dei fine måla på Åheim Stadion. Ein flott lobb frå 20-meter som keeperen ikkje har sjans på. Vi seier bare en ting: Endelig løsna det Jørgen, måtte det forsette.

Konklusjon:
At Åheim skulle vinne denne kampen 4-1 var i overkant, når vi ser på sjansekanonaden Vartdal hadde dei 10 første minutta. Heldigvis skåra dei ikkje då, og Åheim fekk orden på spelet sitt. Det meste løsna denne kampen. Vi ser at vi kan spele god fotball når vi vil. Veldig kjekt å sjå angrepsduoen Sundal/Slagnes endelig får ut det dei kan. Denne kampen lyste det seiresvilje ut av augene på spelerane, og det glede et Åheimshjerte virkelig.


Åheim:
Tormod Hvattum, Odd-Arne Kragseth, Odd Steinar Husevåg, Olav Erlend Øverlie, Lars Inge Flister,
Per-Kenneth Hovdevik, Lasse Skåre, Stig Arne Ekremsæter, Kai Jonny Venøy, Jørgen Sundal, Terje Slagnes

Innbytte:
Elling Flister, Nils Svein Hansen, Joachim Åsebø, Øyvind Bakkebø


Poeng:

Vi er rause og deler ut mange poeng i dag, skulle gjerne delt ut fleire, men desse får:

3 poeng: Jørgen Sundal, Kai Jonny Venøy
2 poeng: Olav Øverlie, Odd Steinar Husevåg
1 poeng: Odd-Arne Kragseth, Terje Slagnes

Les også om kampen på Synste Møre sine nettsider www.synste.no


Neste kamp:

Allerede på søndag skal Åheim spele mot Herd på kunstgraset deira.
Dette blir ei tøff oppgave. Herd som var topplaget til våren, har tapt en del poeng ni i høst, så helt umulig skal det ikkje være. Vi gjor en hederlig kamp mot Rollon sist, og går helt klart for poeng i Ålesund.
Vi mangel litt folk til denne kampen, PK fekk sitt tredje gule og må stå over. Odd Steinar skal på jakt denne helga og spelande trenar Henning Hansen blir også vekke. Vi veit heller ikkje ken vi får frå ÅVK, så det er en del usikre moment. Men vi har heldigvis ein stor tropp, der mange har lyst på ein plass i 11aren.


sre

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco