NM TERRENGLØP 2005.
nm_terrengl_p.jpg

NM terrengløp 2005 på Åheim er historie. I etterkant kan ein gremme seg over det negative; spesielt ein arrangementsbom som medførte protest frå veteranar -og sjølvsagt verforholda. Det som gjeld protest lar vi ligge. Med omsyn til veret, skulle vi gjerne vist oss fram slik det var det meste av april, med tørre, innbydande løyper og sommarføre på vegane. Dette ville normalt også medvirka til minst dobbel så stor deltaking i barneløp og enno betre oppslutning og folkeliv.

Det er det lite å gjere med. I staden vel vi å glede oss over alt det positive. Det flotte løpsveret vi likevel fekk, med sol og blå himmel, deltakinga som var langt over forventa, og først og fremst at vi nådde målet, å lage eit mesterskap der løparane var i fokus, med ei stemning og ei ramme som var eit NM verdig. All skryt og rosande tilbakemeldingar vi har fått, tyder også på at vi klarte å gje både løparar, publikum og andre ei god oppleving. Når t.d. ein av norgesmeistrane skriv tilbake at: ” Jeg ville bare si at årets terreng-NM var et var et supert arrangement :-) så varmar det langt inni hjerterota og gir ei kjensle av å ha lukkast.

Vi vil også gje skryt tilbake til utøvarane. Slik ting vart, er vi imponerte over dei positive haldningane til dei som deltok og korleis dei heile helga framsto som sympatiske og flotte representantar for sin idrett. Likeeins er vi som sto i spissen imponerte over bygda og dei som hjalp til, korleis dei igjen viste si evne til å finne løysingar, opptre sjølvstendig og ordne ut, til å bidra på alle vis og til å gjere sitt beste. Vi skulle gjerne i større grad fått gitt tilbake alle godord vi har motteke og stadig mottar, men får nøye oss med å bringe vidare konklusjonen til ei entusiastisk løpsmor i Ørsta: ”Nydelege kaker og kjempehyggelege funksjonærar gjorde dagane heilt topp.”

Gode tilbakemeldingar frå deltakarar i NM

Denne artikkelen fann vi på www.kondis.no

Rapport fra representant i Rogaland Friidrettskrets Einar Søndeland

Om grunnfjellet i norsk friidrett
Når Norges Friidrettsforbund valgte å tildele et NM til distrikts Norge så langt unna landets 4 mest befolkede områder det er mulig å finne, så ser man i etterkant det er et riktig valg.

NM- filmen
nm_filmen.jpg

NM-filmen er no ferdig produsert. Bestilling kan skje hos Jon Sivert på følgende e-mail adresse: thubring@c2i.net eller telefon Tlf. 700 24318 /480 71497

Pris på DVD med hovedfilm og bonusklipp blir 150 kr + ev. porto.

jr;)

Bilde NM.

Bilde frå løpa og arrangementet er lagde ut på linken nedanfor.

Kakeoppskrift !!

Etter innstendige oppfordringer bringer vi oppskriften på en kake som ble servert i Olivinhallen i helgen. Den bærer tittelen Sviskemarengskake, og er laget av en av Åheim IL sine mange trofaste bidragsytere på kakefronten.
Vi har fått oppskriften, og bringer den videre her, uten noe ansvar for at nivået på originalen kan oppnås. Men alle som likte kaken er velkomne til å prøve.

AH

Sviskemarengskake.doc

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco